Nå vandrer fra hver en verdens krok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Nå vandrer fra hver en verdens krok» er ein norsk julesalme skriven av Jonas Anton Dahl. I Norsk Salmebok står det at han er laga i 1904. Dette truleg fordi han var med i boka Relgiøse Digte som Dahl då gav ut. Ein del av diktet var skrive tidlegare. I julenummeret av Den unges Ven frå 1895 står tre strofer. I Norsk Salmeverk frå 1910 har Dahl med fem strofer, men den nest siste av dei er vekkteken seinare.

Alf Fasmer Dahl, son til Jonas Anton Dahl, har laga melodien som vert brukt til salmen. «Nå vandrer fra hver en verdens krok» kom med i Norsk Salmebok i 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]