Nærøya kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærøya kyrkje
kyrkje
Foto: Synnøve Haugen/Riksantikvaren
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Nærøysund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Nærøy
Fellesråd Nærøy
Type langkyrkje
Kart
Nærøya kyrkje
64°49′47″ N 11°13′17″ E
Wikimedia Commons: Nærøy kirke

Nærøya kyrkje, òg kalla Nærøy gamle kyrkje, er ein overbygd kyrkjeruin på Nærøya i Nærøysund kommune i Trøndelag. Kyrkja er frå 1100-talet.

Kyrkja brann i 1847 og gjekk etter det ut or bruk og kyrkjestaden vart flytt frå Nærøya til Lundring der Lundring kyrkje vart ny soknekyrkje [1]. Bygget stod so utan tak til sist på 1960-talet då frivillige syrgde for å gje henne skifertak.

Nærøya kyrkje har eit eige venelag som heiter Nærøykirkas venner.

Kyrkja ligg i Nærøy kyrkjesokn i Namdal prosti, ho låg i Nærøy prosti fram til 1. juli 2015 da det vart lagt ned og slått saman med Namdal.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirkebøker, Nord-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket, arkivert frå originalen 5. mai 2009, henta 25. mars 2009 
  2. «Nærøy og Namdal blir ett prosti». Nidaros bispedømme. 25. mars 2015. Henta 5. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]