Næra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Næra
innsjø
Næra.jpg
Båtliv på Næra ved Næroset
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Ringsaker
Høgd over havet 339 moh
Areal 9,58 km²
Kystlengd1 33,73 km
Koordinatar 61°01′18″N 10°41′40″EKoordinatar: 61°01′18″N 10°41′40″E
Wikimedia Commons: Næra
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Næra er ein innsjø som ligg i Ringsaker kommune i Hedmark fylke. Han er 5 km lang frå nordvest til søraust, og på det breiaste om lag 1 km . Han har låge, langgrunne og mest skogkledde sider med nokre oppdyrka stader. Grunna dette og det milde været i Hedmark, har Næra gode badetemperaturar heile sommaren. I 2009 fekk sjøen ein ny varmerekord med 27,6 Celsius. Særleg i den vestlege delen er det ein del holmar. På vinterhalvåret kan det bli så solide kuldegrader at sjøen har så mykje som 2 meter solid islag. Frå april til og med september er innsjøen gjest til hekkande canadagjæser. I sjøen finst gjedde, åbor og ørekyt.

Dei små elvane Mysuholta og Bøvra munnar ut i Næra. Sjøen har utløpet sitt i austenden og frå her renn vatnet gjennom Moelva ut i Mjøsa ved Moelv.