Nærings- og fiskeridepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærings- og fiskeridepartementet
Statsikon.svg
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa1. januar 2014[1]
StatsrådJan Christian Vestre (Ap) (Næringsminister)
Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) (Fiskeriminister)
HovudkontorOslo
Nettside[1]

Nærings- og fiskeridepartementet er eit norsk departement som vart oppretta 1. januar 2014.[1]

Departementet blei oppretta av det tidlegare Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, med unntak av kyst- og miljøavdelinga og delar av avdelinga for forskning, styring og administrasjon. I tillegg fekk departementet overført konkurransepolitisk avdeling frå det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, og ansvaret for selskapslovgiving frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Nærings- og fiskeridepartementet har to statsrådar; næringsminister Jan Christian Vestre og fiskeriminister Bjørnar Selnes Skjæran, begge frå Arbeidarpartiet. [2]Næringsministeren er leiar for departementet, [3] men det konstitusjonelle ansvar er delt mellom statsrådane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]