Næringslivets Hovedorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Næringslivets Hovedorganisasjon
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer955600436
Skipa28. november 1988
HovudkontorOslo
LeiarSvein Tore Holsether
Nettstadhttps://www.nho.no/ Sjå dette på Wikidata

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er ein landsomfattande interesseorganisasjon som arbeider for å styrke konkurranseevna til norsk næringsliv. Medlemmene er næringslivsføretak med verksemd i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NHO vart stifta 1. januar 1989, då dei tre organisasjonane Norges Arbeidsgiverforening (N.A.F.), Norges Industriforbund (NI) og Norges Håndverkerforbund (NH) vedtok å slå seg saman. Før etableringa av NHO hadde N.A.F hovudansvaret for arbeidsgjevarfunksjonane, medan NI og NH arbeidde med næringspolitiske spørsmål. Den nye organisasjonen var frå starten av landsomfattande.

Dagens situasjon[endre | endre wikiteksten]

NHO er den største interesseorganisasjonen for norske verksemder. Det er hovudsakleg verksemder i den private sektoren som kan bli medlem i NHO. Statelege og kommunale føretak kan berre bli medlemmer om dei arbeider under vanlege konkurransemessige vilkår. Medlemskontingenten utgjer 1,25 promille av lønsutbetalingane den einskilde verksemda har per år, med eit minstebeløp på 500 kr. Organisasjonen har i dag ca. 20 000 medlemmer, og dei fleste finst blant små og mellomstore føretak. Medlemsbedriftene har totalt ca. 508 000 arbeidsplassar, og samla bidreg NHOs medlemsbransjer med ca. 40 % av den økonomiske verdiskapinga. Lokalt er arbeidet organsiert med 15 regionforeiningar.

NHO sitt arbeid[endre | endre wikiteksten]

NHO tek opp næringspolitiske saker som medlemsbedriftene er opptekne av. NHO gjennomfører tarifforhandlingar med arbeidstakerorganisasjonane (til dømes Landsorganisasjonen) på vegner av medlemsbedriftene. NHO gjev medlemsbedriftene advokathjelp ved tvistar om arbeidsrettslige spørsmål.

Landsforeiningar i NHO[endre | endre wikiteksten]

Det er 21 landsforeiningar i NHO, og desse dekkjer ulike bransjar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Næringslivets Hovedorganisasjon