Nærleiksbrannrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærleiksbrannrøyret MK53 teke ut frå granatskalet. Ca. 1950-talet

Eit nærleiksbrannrøyr er eit brannrøyr som detonerer sprengstoffet i eit stridshovud automatisk når avstanden til målet vert mindre enn ein førehandsbestemt verdi. Nærleiksbrannrøyr er eigna for mål som til dømes fly, rakettar, skip på havet og bakkestyrkar. Dei gir ein meir sofistikert utløysarmekanisme enn det vanlege kontaktbrannrøyret eller tidsbrannrøyr (tempering), og det er anslått at det aukar dødsraten med 5 til 10 gonger samanlikna med andre brannrøyr.[1]

Sensortypar[endre | endre wikiteksten]

Radio[endre | endre wikiteksten]

Radiofrekvenssensor er den viktigaste sensoren for artillerigranatar. Den eininga som er skildra i patent frå andre verdskrigen fungerer som følgjer: Granaten inneheld ein mikrobølgesendar som brukar granatkroppen som antenne og sender ut ei kontinuerleg berebølge på omlag 180-220 MHz.[2] Når granaten nærmar seg eit reflekterande objekt, vert eit interferensmønster oppretta. Dette mønsteret forandrar seg med minkande avstand til målet og vert omgjort til eit signal. Dette signalet vert så sendt gjennom eit bandpassfilter, forsterka, og utløyser ein detonasjon når det overstig ein gjeven storleik.

Optisk[endre | endre wikiteksten]

Ein optisk sensor som nytta eit petoskop vart utvikla i 1935, og patentert i Storbritannia i 1936. Han hadde ein svensk oppfinnar, sannsynlegvis Edward W. Brandt. Sensoren vart først testa som ein del av eit brannrøyr for bombar som skulle sleppast over bombefly, som var ein del av Storbritannia sitt «bomber mot bombefly»-konsept. Han vart rekna (og seinare patentert av Brandt) for bruk med luftforsvarsmissil avfyrt frå bakken. Det vart då brukt ei toroidallinse, som konsentrerar alt lys frå flyet vinkelrett på missilet sin fluktakse og overfører det til ei fotocelle. Når cella endra eit visst verde innan eit visst tidsintervall, vart detonasjonen utløyst.

Nokre moderne luft-til-luft missil (t.d. ASRAAM og AA-12 Adder) nyttar laserar for å utløysa detonasjon.

Akustisk[endre | endre wikiteksten]

Akustisk sensor brukar ein mikrofon i missilet. Karakteristisk frekvens og lydbilete av ein motor- eller propelltype vert filtrert og utløyser ein detonasjon. Dette prinsippet vart brukt i britiske eksperiment med bomber, luftforsvarsmissil og luftsprengning (ca. 1939). Det vart seinare brukt i tyske luftforsvarsmissil, som for det meste enno var i utvikling då krigen slutta.

Sjøminer kan òg bruka akustiske sensorar, med moderne versjonar som kan programmerast til å «lytta» etter signaturen til eit bestemt skip.

Magnetisk[endre | endre wikiteksten]

Tysk magnetisk mine frå andre verdskrigen som landa på bakken i staden for vatn.

Ein magnetisk sensor kan berre brukast til å oppdaga stor masse av jarn, til dømes skip. Det er brukt i miner og torpedoar. Brannrøyr av denne typen kan overvinnast av degaussing, ved hjelp av skipsskrog som ikkje er av metall (spesielt minesveiparar) eller ved magnetisk induksjon-loopar montert på fly eller slepebøyer.

Lufttrykk[endre | endre wikiteksten]

Nokre sjøminer er i stand til å oppdaga trykkbølger av skip som passerer over dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hinman, Wilbur S (1957). «Portrait of Harry Diamond». IEEE Joural: 443. Henta 18 December 2015. 
  2. US 3152547, Kyle, John W, "Radio Proximity Fuze", issued 1950-12-04 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]