Næstved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Næstved
by
Skt. Peders Kirke - Næstved.jpg
St. Peders kirke i Næstved
Land Flag of Denmark.svg Danmark

Næstved
55°13′0″ N 11°46′0″ E
Wikimedia Commons: Næstved

Næstved er ein by i Næstved kommuneSjælland i Danmark, ved der elva Suså renn ut i Karrebæk Fjord. I byen Næstved bur 43 490 menneske (2021) , som elles er administrasjonen i kommunen.

Byen voks opp kring eit benediktinarkloster grunnlagt i 1135. På 1300- og 1400-talet var Næstved ein av Danmarks største byar, mellom anna med rett til å prege myntar.

Næstved er i dag eit regionsenter med gode trafikksamband og forretningar som trekker kundar frå eit stort omland, mellom anna store delar av Lolland-Falster. Mange mellomalderbygningar fins att, så som St. Peders kirke frå 1200-talet, St. Mortens kirke frå 1300-talet, og Helligåndshuset frå 1420.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Næstved