Nøringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nøringen er namnet på ein kjend gangar som har vore mykje nytta på Vestlandet. Stevet til slåtten er eitt av dei mest kjende slåttesteva i Noreg. Slåtten går på trollstilt (a-e-a-ciss).

I tillegget til Hardingfeleverket, band I, står det at slåtten var nytta som morgonslått andre bryllaupsmorgonen, når gjestene fekk skjenk og mat. Denne skikken skreiv seg frå Hardanger og Voss. I Sunnfjord var slåtten gjerne kalla morgonslåtten, og i Sogn og Valdres Grålysingen. Mykje tyder på at dette er ein vandreslått, med opphav på Vestlandet. Grålysing er og namnet på trollstillet i Valdres. Ordet Nøring skriv seg frå næring = mat.

Den mest kjende varianten av slåtten vart skriven ned av Arne Bjørndal etter spelemannen Ola Mosafinn frå Voss i 1908 (Bjørndal: Gamle slåttar hefte IV nr 3). I band I av hardingfeleverket har slåtten nr 90a. Mosafinn hadde slåtten etter Isak Rokne, som hadde han frå Nils Rekve. Alle desse nytta slåtten slik tradisjonen kravde det i bryllaupssamanhang.

Ein annan variant av same slåtten (90b) er skriven ned frå Setesdal. Her er slåtten kalla Skjaldmøyslått og er etter Eivind Hamre frå Bygland.

Stevet[endre | endre wikiteksten]

Eg ser deg, eg ser deg,
Men eg kan ikkje koma te deg (rep.)
Men hadd` eg meg åra og båten va god,
so skulde eg burt um fljoten ro.
Eg ser deg, eg ser deg,
eg kan ikkje koma te deg.

Kjelde: Hardingfeleverket

Versjon frår heftet Her er me grannar, gjeve ut av Bondeungdomslaget i Bergen i 1995:[1]

Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma te deg.
Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma te deg.
Å hadde eg aure å baot'n va go
og fjorten te styra og saukjan te ro,
dao skulde eg komma te deg
ja te deg, ja te deg,
dao skulde eg koma te deg,
eg veit no so vel ka du ve meg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Songdansar vanlege dansar», www.folkedans.com, henta 3. oktober 2023