Nøtteskrikje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nøtteskrike)
Nøtteskrikje
Nøtteskrikje
Nøtteskrikje
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Nøtteskrikje
Utbreiinga av Nøtteskrikje
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Garrulus
Art: Nøtteskrikje G. glandarius
Vitskapleg namn
Garrulus glandarius

Nøtteskrik(j)e er ein fargerik fugl med eit høgt skrik, som høyrer til kråkefamilien. Om hausten samlar ho ofte eikenøtter og anna vinterføde. Ho vitjar av og til foringsbrettet i vinterhalvåret og kan vere eit ettertrakta bytte for hønsehauken. Nokre kallar nøtteskrikja for skauskjære.

Nøtteskrikje.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Nøtteskrikja er 35 cm lang, og vekta er 140–150 gram. Vingene er svarte og kvite med eit blått felt og svarte tverrband. Issen har svarte og kvite fjør som kan reisast i ein topp når nøtteskrikja er opphissa. Nebbet er kraftig og spiss. Det kan brukast til å opne nøtter og til graving.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Nøtteskrikja finn ein over eit stort område som strekker seg frå Vest-Europa og Nordvest-Afrika til Asias Stillehavskyst og ned til Søraust-Asia. I Noreg lever nøtteskrikja over det meste av landet. Vi kan finne ho i skog og meir opne område med spreidde tre. Om hausten kan ho trekkje inn mot tettbygde strok for å samle hassel- og eikenøtter. Vi kan også sjå fuglen i potetåkeren.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Nøtteskrikja et insektlarvar, mark, edderkoppar, smågnagarar, fugleegg, fugleungar, frø og frukt. Om hausten et ho nøtter. Nøttene grev ho ned til vintermat, og ho huskar godt kvar dei ligg gøymt.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Nøtteskrikje-egg

Reiret er flatt og blir bygd oppe i eit tre eller i eit stort buskas. Det blir bygd av kvistar og plantestenglar og fôra med tørt gras. Dei legg dei 4 – 6 egga i mai/juni, og ungane blir klekte etter 16–17 dagar. Båe foreldra deler på å mate avkommet. Etter 21 – 23 dagar forlet ungane reiret. Når ho syng, høyrast det ut som langtrukne prekært–prekært.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Det vanlege kallet er eit varselkall som er eit hardt, raspande skrik, og det vert nytta når ulike rovdyr blir oppdaga. Nøtteskrikja er òg kjent for å herme andre arter så nøyaktig at det kan vere umogleg å skile dersom ein ikkje ser fuglen. Den kan til og med herme ljodet frå fuglen ho angrip, slik som kattugla, noko ho nådelaust gjer ved angrep om dagen. Om natta er det likevel nøtteskrikja som kan vere rov for ugla, og om dagen er ho bytte for til dømes hønsehauk og vandrefalk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nøtteskrikje