Hopp til innhald

Nøttveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nøttveit
stad
Landskap på Nøttveit
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Postnummer 5238 RÅDAL
Gardnummer 88
Kart
Nøttveit
60°17′18″N 5°21′11″E / 60.28843°N 5.35307°E / 60.28843; 5.35307
Wikimedia Commons: Nøttveit

Nøttveit er eit gardsbruk i Fana i Bergen, sør for Smørås.

Namnet kjem frå det norrøne Notaþveit der not tyder «nøtt» og þveit eit lite jordstykke.

Garden høyrte til Nonneseter kloster, men vart kjøpt av Vincens Lunge i 1528 og vart verande i Lunge-slekta dei neste hundreåra. Sidan 1733 har garden vore i bondeeige. I seinare år har det vore fleire utparselleringar.

Under andre verdskrigen søkte sabotørar frå Saborg dekning på garden. Tyskarane kom på dei og angreip, men motstandsmennene klarte å flykta.[1]

Nøttveit dekkjer i dag området frå Iglevatnet og sørover. Den vestlege grensa går langs Smøråsvegen frå krysset ved Apeltunvegen og sørover forbi Nøttveitlia, gjennom skogen aust for Apeltunhaugene til Barkhellershaugane. Frå her går grensa opp i åsane og austover til Bjørnevatn, og så nordover langs vestsida av Bjørnevatn og austsida av Steintrælia og Steintræbakken. Vidare nordover går grensa på vestsida av Nøttveitbekken til Iglevatnet. Garden grensar til Skjold i nord, Apeltun i vest, øvre Titlestad i sør og Smørås i aust.

Bruk av namn

[endre | endre wikiteksten]

Nøttveit har gjeve namn til fleire vegar i området:

  1. «Folk som låg i dekning på garden Nøttveit under krigen». NRK. 1998.