Nøytralitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nøytralitet er eit omgrep innan folkeretten som tyder at ein stat ikkje støtter nokre av sidene i ein væpna konflikt, som krig. Ved eit krigsutbrot vil statar som ikkje er involverte automatisk vera nøytrale. Likevel finst det tradisjon for at statar erklærer nøytralitet ved større konfliktar. Etter den tredje Haagkonvensjonen av 1907 skal krigførande straks melda frå om krigsutbrot til nøytrale land. Nøytrale land har plikt til å behandla dei krigførande landa likt (juridisk sett), medan dei krigande partane har plikt til å ikkje utføra handlingar som hindrar dette. Territoriet til nøytrale land må ikkje krenkjast, til dømes ved å senda styrkar over det eller verva stridande der.

Visse land fører ein nøytralitetspolitikk, det vil seia at dei avstår frå å danna allianser og liknande nære samarbeid med andre land. Etter ei beslutning i Wienerkongressen i 1815 har Sveits forplikta seg til å opprettholda nøytralitet i alle framtidige krigar, noko som er omtalt som «permanent nøytralitet». Også Sverige har vald å vera nøytralt sidan 1815, men har inga forplikting til å vera det.

Historiske døme[endre | endre wikiteksten]

Ved utbrotet av den første verdskrigen erklærte fleire statar seg nøytrale. Då Tyskland krenka nøytraliteten til Belgia for å gå rundt den franske hæren, vekka handlinga avsky og førte til at Storbritannia gjekk inn i krigen på alliert side (med Frankrike og Russland). Tyskland hadde forventa at Storbritannia skulle halda seg nøytralt, medan dei Frankrike og Russland rekna med britisk støtte.

Under den andre verdskrigen heldt republikken Irland, Portugal, Spania, Sveits og Sverige seg formelt nøytrale. USA gjekk med i begge verdskrigane etter først å ha halde seg nøytralt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nøytralitet
Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.