N'Djamena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Tsjad med N'Djamena (inn i raud ring) i vest

N'Djamena er hovudstad og største byen i Tsjad. Folketalet vart i 2009 rekna til 993 492. Byen ligg ved elva Chari, ei grenseelv mot Kamerun i vest. N'Djamena ligg 298 meter over havet, tvert overfor den kamerunske byen Koussèri, og har samband til denne over ei bru.

N'Djamena er regionalmarknad for omsetning av bufe, salt, dadlar og kornvarer. Viktigaste industriane er basert på kjøt, fisk og bomull. Byen er framleis det leiande øknomiske senteret i landet, trass i vedvarande, valdelege konfliktar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

N'Djamena vart grunnlagt 29. mai 1900 som Fort-Lamy, av den franske kommandaten Émile Gentil. Byen fekk namn etter ein offiser i hæren, som hadde falle i slaget ved Koussèri få dagar i førevegen. Under 2. verdskrigen spela flyplassen i byen ei viktig rolle for transporten av franske troppar og forsyningar.

Bynamnet vart i 1973 av den dåverande presidenten i Tsjad, François Tombalbaye, endra til N'Djamena. Det nye namnet er etter det arabiske namnet på ein nærliggjande landsby, 'Niǧāmīnā'. Namnebytet vart gjennomført som ein del av ein afrikaniseringspolitikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]