Nikolaj Marr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå N.Ja. Marr)
Nikolaj Marr

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Fødd 25. desember 1864
Kutaisi
Død

20. desember 1934 (69 år)
St. Petersburg

Yrke antropolog, lingvist, esperantist, armenolog, arkeolog, universitetslærar, etnolog, skribent
Språk esperanto, russisk, georgisk, armensk, engelsk, skotsk-gælisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Medlem av Det russiske vitskapsakademiet, Det sovjetiske vitskapsakademiet, Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Nikolaj Marr på Commons

Nikolaj Jakovlevitsj Marr[1] (25. desember 186420. desember 1934) var ein kontroversiell sovjetisk lingvist. Teorien hans, jafetologi, var offisiell sovjetisk politikk frå tidleg 1930-tal til Stalin skreiv ein artikkel mot denne teorien i Pravda i 1950, der han avviste jafetologien som uvitskapleg.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Marr vart fødd i Kutaisi i Georgia, som son av den skotske gartnaren James Marr (som var meir enn 80 år gammal) og ei georgisk kvinne. Foreldra snakka ulike språk og ingen av dei forstod russisk. Etter å ha teke eksamen ved Statsuniversitetet i St. Petersburg underviste han der frå og med 1891, og han vart dekan ved Fakultetet for Austlege Studium i 1911 og medlem av Det russiske vitskapsakademiet i 1912. I løpet av desse åra var han med på utgravinga av Armenias gamle hovudstad Ani, og avdekte menge kjelder til gammal armensk og georgisk litteratur. Han døydde i Leningrad.

Teoriar[endre | endre wikiteksten]

Marr vart berømt og berykta for den jafetiske språkteorien, som postulerte eit felles opphav for kaukasiske semittisk-hamittiske, og baskisk. I 1924 gjekk han enno lenger og erklærte at alle språka i verda stamma frå eit felles urspråk, som bestod av fire basislydelement, sal, ber, yon, rosh. Sjølv om alle språk gjennomgår visse utviklingstrinn, gjer lingvistisk paleontologi det mogleg å finne desse fire elementa i alle språk.

For å få støtte for denne teorien utvikla Marr ein marxistisk grunnlag for han. Han gjorde framlegg om at det felles urspråket, med dei fire elementa, var karakteristisk for urkommunismen, og at utviklinga av slavesamfunnet og seinare føydalsamfunnet førte til djuptgripande språklege endringar. Med overgangen til kommunismen ville språka nok ein gong konvertere til eit felles språk, ulik alle no eksisterande språk. Den jafetiske teorien danna i 25 år i alle fall i namnet det teoretiske grunnlaget for sovjetiske språkvitskap, og grammatikkar publisert i denne perioden vart innleidd med forord som i tillegg til dei obligatoriske Stalinhyllingane også inneheldt ei hylling av Marr sine teoriar. Den jafetiske teorien la hovudvekta på start- og sluttpunktet på den historiske språkutviklinga, og dermed hadde den obligatoriske hyllinga ikkje noko innverknad på deskriptiv grammatikkskriving. Historisk språkvitskap var derimot lidande, det same vart kontakten med vestlege kolleger.

Det var særleg koplinga mellom marxistisk teori og språkvitskap som gjorde at Marr fekk gjennomslag for teoriane sine. Med offisiell godkjenning av teorien sin vart Marr leiar for det russiske nasjonalbiblioteket frå 1926 til 1930, og det jafetiske instituttet ved det sovjetiske vitskapsakademiet frå 1921 til han døydde. Marr vart vald til visepresident for det sovjetiske vitskapsakademiet i 1930.

I den kjende pamfletten sin mot Marr, Marxismen og språkvitenskapens spørsmål (1950) skreiv Stalin at «N.Y. Marr innførte feilaktige og umarxistiske grunnlag i lingvitikken, i høve til «klassekarakteren» til språket, og rota til både seg sjølv og lingvistikken. Sovjetisk språkvitskap kan ikkje byggjast på grunnlag av eit feilaktig grunnalg som strir mot heile den historiske utviklinga til folk og språk.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alpatov, Vladimir M.: Istorija odnogo mifa: Marr i marrizm. Editorial URSS, Moskva 2004, ISBN 5-354-00405-5
  • Bjørnflaten, Jan Ivar 1982: Marr og språkvitenskapen i Sovjetunionen : bidrag til den sovjetiske språkvitenskaps historie. Tromsø-studier i språkvitenskap ; 5
  • Borbé, Tasso: Kritik der marxistischen Sprachtheorie N. Ja. Marr's. Scriptor Verl., Kronberg/Ts. 1974, ISBN 3-589-20021-9
  • L'Hermitte, René : Marr, marrisme, marristes: Science et perversion idéologique; une page de l'histoire de la linguistique soviétique. Institut d'Etudes Slaves, Paris 1987, ISBN 2-7204-0227-3
  • Niko Marisa da Ek'vt'ime T'aqaisvilis mimocera. Sak'art'velos Mec'nierebat'a Akademia, Mec'niereba, Tbilisi 1991
  • Havas, Ferenc : A marrizmus-szindróma: Sztálinizmus és nyelvtudomány. Tinta Könyvkiadó, Budapest 2002, ISBN 963-9372-53-6
  • Golubeva, Olga D. 2002: N. Ja. Marr. Rossijskaja Nacionalnaja Biblioteka, Sankt Peterburg, ISBN 5-8192-0134-5
  • Stalin, Josef V. 1975: Marxismen og språkvitenskapens spørsmål ; Sosialismens økonomiske problemer i Sovjetunionen ; Tale på SUKP(b)s 19. partikongress. Oslo : Oktober, 1975.
  • Thomas, Lawrence L. 1957: The linguistic theories of N. Ja. Marr. University of California Press, Berkeley, California [u.a.] 1957

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Der japhetitische Kaukasus und das dritte ethnische Element im Bildungsprozess der mittelländischen Kultur. Kohlhammer, Berlin/Stuttgart/Leipzig 1923
  • Rith chowrobs iapheturi enathmecniereba? Petrogradskij Institut zivych vostocnych jazykov, Petrograd, 1923
  • Basksko-kavkazskie leksiceskie paralleli. Mecniereba, Tbilisi 1987
  • O jazyke i istorii abchazov. Izdat. Akad. Nauk SSSR, Moskva [u.a.] 1938
  • Ani: rêve d'Arménie. Anagramme Éd., Paris 2001, ISBN 2-914571-00-3
  • Jafetidologija. Kučkovo Pole, Moskva 2002, ISBN 5-86090-049-X
  • «Тексты и разыскания по армяно-грузинской филологии», 1900-1913
  • «Материалы по яфетическому языкознанию», «Яфетический сборник», 1922-1932
  • «Язык и мышление», 1933-1949
Fotnotar
  1. georgisk ნიკოლოზ (ნიკო) იაკობის ძე მარი /Nikolos (Niko) Iakobis dse Mari; russisk Никола́й Я́ковлевич Марр;