NCS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NCS eller Natural Color System (naturleg fargesystem) er eit fargesystem som er utvikla av Scandinavian Colour Institute. Systemet er norsk standard for fargegjeving på maling.

Fargen vert gjeve med ein kode som består av seks siffer og to bokstaver, til dømes 0580-Y10R. Koden gjev fargen sitt slektskap med fire kulørte farger – gul (Y), raud (R), blå (B) og grøn (G) – og to ukulørte fargar (svart og hvit). Dei to første sifra gjev «svartheita» til fargen i prosent, dei to neste «kulørtheita». Den siste delen av koden gjev plasseringa til fargen mellom to kulørte fargar. Y10R tyder at det er ein gul farge med 10 % raudt. Farger utan innhald av kulørte farger vert skrive med N etter dei fire første sifra. Ein S føre koden viser at koden gjelder versjon 2 av systemet. Koder med og utan S samsvarer ikkje.

NCS vert av instituttet påstått å vere «naturleg» i den forstand at det svarer til den måten auge oppfattar fargar og fargenyansar. Det har vist seg vanskeleg å føre bevis for påstanden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]