NGC 4414
Utsjånad
| NGC 4414 | |||
| Hubble-portrettet av NGC 4414 frå 1999. | |||
| Observasjonsdata (epoke J2000) | |||
|---|---|---|---|
| Stjernebilete | Berenike sitt hår | ||
| Rektasensjon | 12t 26m 27,06s[1] | ||
| Deklinasjon | +31° 13′ 20,9″[1] | ||
| Avstand | 62 millionar lysår | ||
| Type | spiralgalakse (Sc) | ||
| Andre namn | |||
| UGC 7539[1] | |||
NGC 4414 er ein spiralgalakse som ligg rundt 62 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Berenike sitt hår.
I 1995 vart galaksen fotografert av romteleskopet Hubble i samband med utrekningar av kor fort universet utvidar seg. Ved å observera kefeidar kunne astronomar rekna ut avstanden til denne og andre galaksar.
I 1999 tok Hubble Heritage Project nye bilete av galaksen for å få eit fullstendig portrett av han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-1999-25 frå Space Telescope Science Institute.