NGC 520

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av NGC 520.

NGC 520, Arp 157, VV 231 eller KPG 031 er ein galakse og restane etter to galaksar som har kollidert. Han ligg rundt 100 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Fiskane. Skivene til dei to tidlegare galaksane har smelta saman, men ikkje kjernane. Galaksen har ein sterkt irregulær form, har halar av stjerner og ein framståande bane av støv som går tvert over galaksen. NGC 520 er eit av dei lysaste galaksepara på nattehimmelen og kan sjåast i eit mindre teleskop. Galaksen er rundt 100 000 lysår på tvers. Han er med i Arp sin katalog over spesielle galaksar, Atlas of Peculiar Galaxies, med nummer 157 (Arp 157).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]