NGC 5331

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av NGC 5331. Ein blå tidevasshale kan sjåast til høgre i biletet.

NGC 5331 (òg katalogisert VV 253 og KPG 401) er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 450 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Jomfrua. Galaksane er veldig lyse i det infraraude, der dei skin med ein styrke på rundt hundre milliardar gonger styrken til sola. Den eine galaksen i paret har ein tidevasshale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]