NGC 5752 og NGC 5754

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå NGC 5754)
Hubble-bilete av NGC 5752 og NGC 5754. NGC 5754 er den større spiralgalaksen øvst, medan NGC 5752 ligg nede til venstre.

NGC 5752 og NGC 5754 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 200 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Bjørnepassaren.

NGC 5752 har gjennomgått ein periode med eksplosiv stjernedanning og har ei rik folkesetnad på massive og lyssterke stjernehopar som klumpar seg saman rundt kjernen, der dei er vovne i hop med intrikate støvbanar.

I motsetnad til NGC 5752 har NGC 5754 ikkje hatt nokre store omveltningar då sisnemnde er mykje større og meir massiv. NGC 5754 viser likevel nokre tidevasstrekk i dei ytre delane av galaksestrukturen, òg i symmetrien til dei indre spiralmønstra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]