NGC 6090

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av NGC 6090.

NGC 6090, Mrk 0496, VV 626, I Zw 135 eller KPG 486 er eit par av vekselverkande spiralgalaksar med ein overlappande sentralregion som ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Draken. Dei to synlege kjernane til galaksane ligg rundt 10 000 lysår frå kvarandre, noko som tyder på at galaksane er midt i prossesen med å smelta saman. Galaksane har to lengre tidevasshalar. Galaksesystemet har mykje til felles med Antennene både når det gjeld kor langt galaksane har komne i prossesen med å smelta saman, og når det gjeld kva vinkel ein observerer galaksane ifrå jorda med.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]