Norsk Jernbaneklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå NJK)

Norsk Jernbaneklubb, ofte avstytta til NJK, vart skipa 22. mai 1969, og har som føremål å vere eit arbeidsfellesskap og ein møtestad for alle dei i landet som er interessert i jarnbane, og dessutan samarbeid med andre som har nærliggande interesser. Foreininga vil arbeide for å gjere folk interessert i både farne tiders og notidas jarnbane og jarnbanedrift, og at fortidsminne som har med jarnbanesoga å gjere, vert teke vare på og dessutan om mogleg vert drive.

Foreininga vert drive av friviljuge og er i hovudsak basert på at det gjerast dugnadsinnsats på mange felt, både når det gjeld opplysningsarbeid og arbeid med restaurering, vedlikehald og drift av jarnbanemateriell, linjer, stasjonar og tekniske innretningar av ymse slag som har historisk verde og kan takast vare på. Det er skipa lokalavdelingar, driftsavdelingar, aktivitetsavdelingar, og representantar frå desse utgjer Representantskapet saman med fem som er valde av Årsmøtet, som er den øvste leiinga i foreininga. Den daglege leiinga står Hovudstyret for, som er valt av Representantskapet og har seks medlemar.

Foreininga er sterkt engasjert i arbeidet med å halde museumsjarnbanen Krøderbanen i Buskerud i drift og at banen med bygningar og innretningar verte teke vare på, og køyrar i sommarsesongen veterantog (gamle tog) for publikum på både denne banen og på ei strekning av Bergensbanen som vart nedlagt etter omlegging av linja, ein part av Gamle Vossebanen. Det gjerast ein stor innsats for at dei freda eller elles verneverdige husa og anlegga som høyrer til desse to nedlagde banane skal verte tekne vare på.

For å eige Norsk Jernbaneklubbs jarnbanemateriell og trygge dette for framtida, skipa foreininga i 2012 stiftinga Materiellstiftelsen Norsk Jernbanearv. Stiftinga har teke over dei oppgåvene som tidlegare låg til materiellutvalet i foreininga, og gjer deponeringsavtaler med brukarane av materiellet om føresetnadene for deponeringa, vedlikehaldet og drifta av det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]