NK 404-406

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NK 404-406 var dei tre første frimerka som kom ut med den nynorske namneformen Noreg. Frimerka vart utgjevne 25. januar 1951 for å minnast hundreårsdagen for fødselen til diktaren Arne Garborg. Desse frimerka er einfarga og viser eit portrett av diktaren, etter ei målarstykke av Olav Rusti.

  • NK404 25 øre raud (opplag: 3 225 000)
  • NK405 45 øre blå (opplag: 1 185 000)
  • NK406 80 øre ovlivenbrun (opplag: 1 150 000)

Det raude frimerket hadde ein verdi høvde for vanleg brevpost innanfor Norden, medan det blå frimerket hadde ein verdi som høvde for vanlege brev til andre land i Europa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]