Hopp til innhald

NLA Høgskolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NLA Høgskolen
Motto– fordi noen trenger deg
Grunnlagt1968
RektorSigbjørn Sødal
StadBergen, Kristiansand, Oslo, Stavanger, Trondheim
Studentar3331[1]
Tilsette300
MedlemskapUniversitets- og høgskolerådet
Org.nummer995189186
Nettstadhttps://nla.no (norsk), https://nla.no/en (engelsk)
Kart
NLA Høgskolen
60°24′30″N 5°19′32″E / 60.408443°N 5.325526°E / 60.408443; 5.325526

NLA Høgskolen er ein privat kristen høgskule[2] i Noreg akkreditert av NOKUT. Høgskulen har rundt 3 300 studentar[3] og 300 medarbeidarar fordelt på fire campus i tre byar, to i Bergen, ein i Sandviken og den andre på Kalfaret, Gimlekollen i Kristiansand og Staffeldtsgate i Oslo. Høgskulen tilbyr òg bachelorstudium på to regionale studiesenter, eit med teologiutdanning i Trondheim og det andre med økonomiutdanning i Stavanger.[4]

Studietilbod

[endre | endre wikiteksten]

NLA Høgskolen tilbyr femårige integrerte masterprogram i grunnskulelærarutdanning og bachelorprogram i barnehagelærarutdanning i både Bergen og Oslo. I Bergen tilbyr høgskulen òg bachelorgrad i pedagogikk, og mastergrader i barnehagekunnskap, pedagogikk, spesialpedagogikk og pedagogisk leiarskap.

I Bergen kan studentane ta mastergrad i teologi, ei profesjonsutdanning for prestar i Den norske kyrkja, og ein engelskspråkleg mastergrad i «Theology and Ministry».[5] Bachelorgrad i teologi vert tilbydd i Bergen, Oslo, Kristiansand og Trondheim, kvar med sin eigen akademiske profil.

Under namnet Hauge School of Management (HSM) tilbyr NLA Høgskolen to bachelorprogram i økonomi i Oslo, Bergen, Kristiansand og Stavanger. Frå 2026 tilbyr HSM òg ein mastergrad i leiing av ansvarleg innovasjon og entreprenørskap i Oslo. Hauge School of Management er oppkalla etter Hans Nielsen Hauge.[6]

NLA Høgskolen i Oslo (Staffeldts) tilbyr ein mastergrad i utøvande rytmisk musikk, og bachelorgradsstudier i utøvande rytmisk musikk og i musikkskaping med låtskriving, produksjon og live. Eit eige fireårig bachelorløp fører til to bachelorgradar, ein i utøvande musikk og ein i «musikk, menighet og ledelse». På Staffelds kan også studentar med musikkutdanning byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning for å kvalifisere seg til arbeid som musikklærarar.

Interkulturelle studiar er tilgjengeleg med bachelorprogram i Bergen, Kristiansand og som nettstudium, i tillegg til ein mastergrad i Bergen. I Kristiansand tilbyr høgskulen òg bachelorgrader i journalistikk og i innhaldsproduksjon, og ein engelskspråkleg mastergrad i «Global Journalism».[7]

I tillegg til dei gradsgivande studieprogramma tilbyr NLA Høgskolen årsstudiar, vidareutdanning[8] og nettstudiar[9] innanfor alle fagområda. Høgskulen tilbyr òg emne i økonomi og administrasjon for ukrainske flyktningar med ukrainsk som undervisningsspråk.[10] For internasjonale utvekslingsstudentar er det tilgjengeleg åtte ulike semesterprogram på bachelor-nivå, som alle blir undervist på engelsk.[11]

I 2025 søkte NLA høgskolen om akkreditering av eit nytt doktorgradsprogram i sosialt ansvar og danning.[12]

Norsk Lærerakademi byrja med studiar i kristendomskunnskap i Bergen i september 1968 og utvida med studiar i pedagogikk frå 1977.[13][14] Akademiet blei akkreditert som høgskole i 2006. I 1995 blei NLA Lærerhøgskolen etablert som ei sjølvstendig eining med lærarutdanning på Breistein i Åsane bydel nord i Bergen kommune, og frå 2005 blei lærarhøgskulen utvida med utdanning for førskulelærarar. I 2010 blei dei to einingane fusjonert, og i 2013 blei Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo og Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand innlemma i NLA Høgskolen.[14] Frå hausten 2013 kom Hauge School of Management til som ei verdibasert økonomiutdanning med utgangspunkt i Staffeldtsgate.

Januar 2024 flytta lærarutdanningane frå Breistein til ein ny campus på Kalfaret i Bergen sentrum, i dei historiske lokala til Pleiestiftelsen for spedalske nr.1.[15] Hausten 2024 etablerte NLA Høgskolen eit regionalt studiesenter i Trondheim i lokala til bibelskolen Gå ut-senteret, der NLA tilbyr studiar i teologi og praktisk teologi.[16] I 2025 utvida NLA Høgskolen Hauge School of Management si verksemd med eit regionalt studiesenter i lokala til Solborg folkehøgskole i Stavanger.[17]

Eigarar og leiing

[endre | endre wikiteksten]

NLA Høgskolen er eigd av sju lavkyrkjelege lutherske kristne organisasjonar:

Eigarane møter årleg til generalforsamling. Generalforsamlinga er det øvste organet til høgskulen, og ansvarleg for å velje styret. NLA har tilsett rektor.

  1. «Database for statistikk om høgre utdanning: Nøkkeltall». 2025.
  2. «Særpreg og historie» (på norsk). NLA Høgskolen. Henta 4. april 2026.
  3. «Database for statistikk om høyere utdanning - DBH». dbh.hkdir.no. Henta 28. mars 2026.
  4. «Våre studiesteder» (på norsk). NLA Høgskolen. Henta 4. april 2026.
  5. «Theology and ministry». NLA (på norsk). Henta 28. mars 2026.
  6. Støbakk, Nils-Ove (22. april 2013), «(+) NLA-jubel for «kristne» økonomistudier», www.dagen.no (på norsk bokmål), henta 4. april 2026
  7. «Global journalism». NLA (på norsk). Henta 28. mars 2026.
  8. «Videreutdanning». NLA (på norsk). Henta 28. mars 2026.
  9. «Ta et nettstudium på NLA Høgskolen!». NLA (på norsk). Henta 28. mars 2026.
  10. «Studies for Ukrainian refugees». NLA. Henta 28. mars 2026.
  11. «Exchange and Study Abroad students». NLA. Henta 28. mars 2026.
  12. «Ph.d. i sosialt ansvar og danning». NLA (på norsk). Henta 28. mars 2026.
  13. Hansen, Tor Ivar. «Norsk Lærerakademi». snl.no. Store norske leksikon. Henta July 27, 2017.
  14. 1 2 Helland, Kristian; Jøssang, Lars Gaute (2018). Frå akademi til høgskule: NLA 1968-2018 [From Academy to University College: NLA 1968–2018] (på norsk). Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 9788245024173.
  15. Rønningen, Brit, «NLA fra fjordgløtt til historisk sentrumseiendom», Sambåndet (på norsk bokmål), henta 4. april 2026
  16. Rønningen, Brit. «NLA etablerer studiesenter i Trondheim». Sambåndet (på norsk bokmål). Henta 28. mars 2026.
  17. Rønningen, Brit. «NLA på plass i fem byer». Sambåndet (på norsk bokmål). Henta 28. mars 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]