NM135

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NM-135 er ein norsk stormpanservogn som vart brukt fram til innføringa av CV9030N frå Hägglunds rundt 1999. NM-135 er ein ombygd M113 der sjølve endringa i hovudsak var eit tårn montert på høgre side. Tårnet er skyttaren sin plass, som bemannar ein 20 x 139 mm Rheinmetall mk20 maskinkanon.

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Tårnet var kontrollert med handemakt. Det var ein roterande spake for høgderetting, og ein spake for retting til sides. For ekstra snøgg sideretting kunne skytteren kopla inn eit utvekslingsgir ved hjelp av ein fotpedal. Våpenet vart avfyrt elektromekanisk. Avfyringskontrollen sat på spaken for høgderetting, to fjøyrbelasta knappar, der skytteren kunne velja mellom kanon eller mitraljøse. Skulle ein oppleva feil på straumforsyninga i vogna, hadde skyttaren enno høve til å skyta med kanonen ved hjelp av eit mekanisk avtrekk plassert på golvet, såkalla fotavtrekk. Siktet gav ei forstørring på 15x, men hadde ingen nattkapasitet eller termisk kapasitet. Kontrollpanel for røykkastarar var montert på veggen framføre skyttaren, medan brytar for LYRAN var montert ved vognkommandøren (VK) sin plass.

Maskinkanonen var opphavleg brukt som luftvernskanon, med skottakt på 900 skot per minutt. I tillegg var vognen bestykka med ei koaksial mitraljøse (basert på MG-3), ein 71 mm LYRAN bombekastar som vart brukt til lysgranater, og dessutan seks utskytingsrør for røykgranatar.

I bruk[endre | endre wikiteksten]

Bak i vogna finn ein stridsrommet, som på ein vanleg M 113, der det var tiltenkt plass til eit fotlag på åtte infanteristar. Tiltenkt, fordi det strengt teke ikkje var plass til åtte mann klar til strid, med alt utstyr og våpen. Her sat PV-gjengen, tre mann, MG-gjengen, tre mann, nestlagføreren og reserve vognkommandør – som tok over som vognkommandør på vogna, når fotlaget sat av. Då gjekk altså vognkommandøren over i ein lagførerrolle på bakken, og vogna kunne såleis operera uavhengig av fotlaget. Oppsettingsplan for fotlaget kan vera ulik frå vogn til vogn, alt etter ynsket til troppsjef, eller gjeldande Krigsoppsettingsplan (KOP).

Merk  skilnaden til måten  CV 90 opererar på, der vognkommandøren er fast, og ein har eigen fotlagfører som sit av saman med fotlaget.