Hopp til innhald

NM i fotball for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå NM i fotball for damer)

NM i fotball for kvinner er ein fotballcup der ein etter fleire rundar kårar ein vinnar i ein finale som spelast dagen før cupfinalen for menn. Vinnaren får tittelen Noregsmeister og kongepokalen for fotball for kvinner.

Finalane er vorte spelt ulike stader. Den første finalen vart spelt på Ullevaal Stadion. Deretter vart kampane spelt på eit av laga sin heimebane fram til og med 1988. Det vart flytta til ein fast stad, Bislett Stadion, i 1989, og heldt seg der til og med 1994-finalen. Frå finalen i 1995 til og med 2005 vart finalane spelt på Ullevaal Stadion igjen, men etter at det regna tungt under kvinnefinalen det året, vart banen nærast uspelbar for finalen for herrar. Det vart då vedteke å flytte banen tilbake til Bislett stadion, der kampane vart spelt frå 2006 til 2008. Telenor Arena har sidan vore arena.

Turneringa

[endre | endre wikiteksten]

Turneringa har sidan 1985 vorte spelt som utslagsturnering over seks rundar. Til og med semifinalen (5. runde) spelar ein kampen på eitt av laga sine heimebane; NFF avgjer kva for eit lag som får retten til heimebane. Sidan 1990 har laga i den øvste divisjonen (per 2013 12 lag) blitt seeda inn i 2. runde. Dei øvrige laga blir vald ut av NFF; alle lag på andre nivå får plass, dei øvrige laga vert valde ut etter geografiske og sportslege kriterium. I 2010 deltok til dømes to lag frå 3. divisjon for å representere Vestfold krins, medan fleire lag i 2. divisjon frå Vestlandet og Nord-Noreg ikkje vart tekne ut.

Til og med 3. runde blir kampane sett opp av forbundet etter geografiske kriterium. Kvartfinalen og semifinalen blir trekt.

År Vinner Tapande finalist Resultat Fakta
1978BULTrondheims-Ørn1-1, 6-5 str.Fakta
1979BULSprint-Jeløy4-1Fakta
1980BULTrondheims-Ørn1-1, 2-0 omk.Fakta
1981BølerBUL2-1Fakta
1982BULSprint-Jeløy2-1 e.e.o.Fakta
1983BULSprint-Jeløy2-1Fakta
1984AskerSprint-Jeløy2-1 e.e.o.Fakta
1985Sprint-JeløyAsker1-0Fakta
1986Sprint-JeløyTrondheims-Ørn3-0Fakta
1987Sprint-JeløyKlepp2-1Fakta
1988Sprint-JeløyAsker1-0Fakta
1989KleppTrondheims-Ørn2-1Fakta
1990AskerSprint-Jeløy5-1Fakta
1991AskerSandviken8-0Fakta
1992Setskog/HølandAsker3-0Fakta
1993Trondheims-ØrnAsker3-2Fakta
1994Trondheims-ØrnDonn5-1Fakta
1995SandvikenTrondheims-Ørn3-2 e.e.o.Fakta
1996Trondheims-ØrnKlepp3-0Fakta
1997Trondheims-ØrnKlepp6-1Fakta
1998Trondheims-ØrnKolbotn4-0Fakta
1999Trondheims-ØrnAthene Moss1-0Fakta
2000AskerBjørnar4-1Fakta
2001Trondheims-ØrnAsker3-2Fakta
2002Trondheims-ØrnArna-Bjørnar4-3 e.e.o.Fakta
2003MedkilaKolbotn2-1Fakta
2004RøaAsker2-1Fakta
2005AskerTeam Strømmen4-0 e.e.o.Fakta
2006RøaAsker3-2Fakta
2007KolbotnAsker4-2Fakta
2008RøaTeam Strømmen3-1Fakta
2009RøaTeam Strømmen1-0Fakta
2010RøaTrondheims-Ørn7-0Fakta
2011StabækRøa2-2, 7-6 str.Fakta
2012StabækRøa4-0Fakta

etter finalen 2012

1. Trondheims-Ørn 8 sigrar, 6 tap
2. Asker 5 sigrar, 8 tap
3. Røa 5 sigrar, 2 tap
4. BUL 5 sigrar, 1 tap
5. Sprint-Jeløy/Athene Moss 4 sigrar, 6 tap
6. Stabæk 2 sigrar, 0 tap
7. Klepp og Setskog/Høland/Team Strømmen, 1 siger, 3 tap
9. Kolbotn, 1 siger, 2 tap
10. Sandviken 1 siger, 1 tap
11. Medkila og Bøler 1 siger, 0 tap
13. Bjørnar/Arna-Bjørnar 0 sigrar, 2 tap
14. Donn, 0 sigrar, 1 tap

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]