NM i fotball for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

NM i fotball for kvinner er ein fotballcup der ein etter fleire rundar kårar ein vinnar i ein finale som spelast dagen før cupfinalen for menn. Vinnaren får tittelen Noregsmeister og kongepokalen for fotball for kvinner.

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Finalane er vorte spelt ulike stader. Den første finalen vart spelt på Ullevaal Stadion. Deretter vart kampane spelt på eit av laga sin heimebane fram til og med 1988. Det vart flytta til ein fast stad, Bislett Stadion, i 1989, og heldt seg der til og med 1994-finalen. Frå finalen i 1995 til og med 2005 vart finalane spelt på Ullevaal Stadion igjen, men etter at det regna tungt under kvinnefinalen det året, vart banen nærast uspelbar for finalen for herrar. Det vart då vedteke å flytte banen tilbake til Bislett stadion, der kampane vart spelt frå 2006 til 2008. Telenor Arena har sidan vore arena.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Turneringa har sidan 1985 vorte spelt som utslagsturnering over seks rundar. Til og med semifinalen (5. runde) spelast kampen på eitt av laga sine heimebane; NFF avgjer kva for eit lag som får retten til heimebane. Sidan 1990 har laga i den øvste divisjonen (per 2013 12 lag) blitt seeda inn i 2. runde. Dei øvrige laga blir valt ut av NFF; alle lag på andre nivå får plass, dei øvrige laga veljast ut etter geografiske og sportslege kriterium. I 2010 deltok til dømes to lag frå 3. divisjon for å representere Vestfold krins, medan fleire lag i 2. divisjon frå Vestlandet og Nord-Noreg ikkje vart teke ut.

Til og med 3. runde blir kampane sett opp av forbundet etter geografiske kriterium. Kvartfinalen og semifinalen blir trekt.

Noregsmeistrar i fotball for kvinner (19782012)[endre | endre wikiteksten]

År Vinner Tapande finalist Resultat Fakta
1978 BUL Trondheims-Ørn 1-1, 6-5 str. Fakta
1979 BUL Sprint-Jeløy 4-1 Fakta
1980 BUL Trondheims-Ørn 1-1, 2-0 omk. Fakta
1981 Bøler BUL 2-1 Fakta
1982 BUL Sprint-Jeløy 2-1 e.e.o. Fakta
1983 BUL Sprint-Jeløy 2-1 Fakta
1984 Asker Sprint-Jeløy 2-1 e.e.o. Fakta
1985 Sprint-Jeløy Asker 1-0 Fakta
1986 Sprint-Jeløy Trondheims-Ørn 3-0 Fakta
1987 Sprint-Jeløy Klepp 2-1 Fakta
1988 Sprint-Jeløy Asker 1-0 Fakta
1989 Klepp Trondheims-Ørn 2-1 Fakta
1990 Asker Sprint-Jeløy 5-1 Fakta
1991 Asker Sandviken 8-0 Fakta
1992 Setskog/Høland Asker 3-0 Fakta
1993 Trondheims-Ørn Asker 3-2 Fakta
1994 Trondheims-Ørn Donn 5-1 Fakta
1995 Sandviken Trondheims-Ørn 3-2 e.e.o. Fakta
1996 Trondheims-Ørn Klepp 3-0 Fakta
1997 Trondheims-Ørn Klepp 6-1 Fakta
1998 Trondheims-Ørn Kolbotn 4-0 Fakta
1999 Trondheims-Ørn Athene Moss 1-0 Fakta
2000 Asker Bjørnar 4-1 Fakta
2001 Trondheims-Ørn Asker 3-2 Fakta
2002 Trondheims-Ørn Arna-Bjørnar 4-3 e.e.o. Fakta
2003 Medkila Kolbotn 2-1 Fakta
2004 Røa Asker 2-1 Fakta
2005 Asker Team Strømmen 4-0 e.e.o. Fakta
2006 Røa Asker 3-2 Fakta
2007 Kolbotn Asker 4-2 Fakta
2008 Røa Team Strømmen 3-1 Fakta
2009 Røa Team Strømmen 1-0 Fakta
2010 Røa Trondheims-Ørn 7-0 Fakta
2011 Stabæk Røa 2-2, 7-6 str. Fakta
2012 Stabæk Røa 4-0 Fakta

Samanlagt[endre | endre wikiteksten]

etter finalen 2012

1. Trondheims-Ørn 8 sigrar, 6 tap
2. Asker 5 sigrar, 8 tap
3. Røa 5 sigrar, 2 tap
4. BUL 5 sigrar, 1 tap
5. Sprint-Jeløy/Athene Moss 4 sigrar, 6 tap
6. Stabæk 2 sigrar, 0 tap
7. Klepp og Setskog/Høland/Team Strømmen, 1 siger, 3 tap
9. Kolbotn, 1 siger, 2 tap
10. Sandviken 1 siger, 1 tap
11. Medkila og Bøler 1 siger, 0 tap
13. Bjørnar/Arna-Bjørnar 0 sigrar, 2 tap
14. Donn, 0 sigrar, 1 tap

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]