NM i turn 1957 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i turn 1957 for menn vart avvikla i Turnhallen i Bergen laurdag 30. november og sundag 1. desember, med Bergens Turnforening som arrangør. Deltakarane tevla i tolvkamp, dobbelt program i alle seks øvingane med både obligatoriske og sjølvvalde program i øvingane. «Begge dager var Turnhallens store sal fullsatt av et meget interessert publikum, og i går var det atskillige som ikke kom inn.»

Tolvkamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Arvid Håkonsen Oslo Turn 110,9
Sølv Åge Storhaug Klepp Idrettslag 110,8
Bronse Alf Olsen Stavanger Turn 110,2
4. Odd Lie Drammen 109,1
5. Mathias Jamtvedt Skien 104,2
6. Sverre Døhlen Moss 102,8


Åge Storhaug var bestemann i bøylehest, frittståande og skranke. Arvid Håkonsen vann svingstang og Alf Olsen ringar, medan Håkonsen og Storhaug fekk like mange poeng i hopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]