NORCCIS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NORCCIS (Norwegian Command and Control Information System) er eit system for kommando og kontroll i militær stridsleiing. Systemet er utvikla av det norske forsvaret i samarbeid med den norske forsvarsindustrien. Forsvarets Logistikkorganisasjon er ansvarleg for systemet. Systemet har vore i bruk sidan 1992 og vert nytta i heile det norske forsvaret. I tillegg er det nokre installasjonar av systemet i NATO-samanheng. Dei norske spesialstyrkane – Forsvarets Spesialkommando – vart også utstyrt med dette systemet då dei var i Afghanistan i 20022003.

Systemet gjev eit oversyn (felles stridsbilete – common operational picture) basert på ulike sensorar som radar, flyovervaking og sanntids videostraum. Systemet har også fullt oversyn over eigne styrkar, og har eigne logistikkfunksjonar. Systemet har også meldingsfunksjonar etter NATO-standard.