NORDØK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NORDØK var ein planlagd nordisk tollunion. Planen var å skape ein nordisk fellesmarknad som eit alternativ det den europeiske fellesmarknaden (EF). NORDØK vart lansert i 1968 av den danske statsministeren Hilmar Baunsgaard.

Planane stranda fordi norske og danske politikarar som samstundes arbeidde for norsk og dansk deltaking i EF, meinte det skulle vere mogleg å vere medlem både av NORDØK og av EF. Dette synet gjorde samarbeidet vanskeleg for Finland, som i utanrikspolitikken måtte ta omsyn til Sovjetunionen, og derfor heldt på ei streng nøytralitetsline andsynes vestmaktene. 24. mars 1970 melde den finske regjeringa at NORDØK-traktaten var ubrukeleg sett frå finsk ståstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]