NORSAR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NORSAR, Kjeller

NORSAR er eit uavhengig forskingsinstitutt på Kjeller med spesialfelt innan forsking, tenester og programvareutvikling relatert til seismologi og geofysikk.

NORSAR har ansvar for og opererer nokre av verdas største jordskjelvstasjonar, og har meir enn 35 års røynsle i metodeutvikling for avansert seismologisk dataprosessering og analyse av data frå jordskjelvinstrument.

Ein stor del av NORSARs verksemd er retta mot metodeutvikling for å skilje naturlege skakingar (som til dømes jordskjelv) frå skakingar vi får ved kjernefysiske eksplosjonar. NORSAR er oppnemnt som nasjonalt datasenter (NDC) for overvaking av den kjernefysiske prøvestansavtala.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]