NPK-språket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NPK-språket er ei språkhandbok som er laga ut frå språknorma til Nynorsk pressekontor (NPK). Ho er ei systerbok til NTB-språket, Norsk Telegrambyrå si handbok frå 2007. Boka er delt i to hovuddelar. Først kjem ein språkråddel på om lag 160 sider. Til slutt har ho ei ordliste på vel 30 000 ord.

NPK-norma følgjer i stor grad gjeldande nynorskrettskriving. Ordlista har færre valfrie former enn i offisiell rettskriving.

Sjølv om NPK-språket er innretta mot journalistar, er boka meint som ei rettessnor for andre som skriv nynorsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

NPK-språket. Ordliste og språkråd. Kunnskapsforlaget 2010