Hopp til innhald

NRK P2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

NRK P2 er ein av NRK sin radiokanalar. Han blei skipa i 1984 som den andre riksdekkande radiokanalen i landet. Sidan 1993 har han vore profilert som ein kulturkanal. Programma består av klassisk musikk, nyhende, debatt, analyser, populærvitskap og generelle tema om kultur og samfunn. Kvart år deler kanalen ut P2-lytternes romanpris.

Hovudkontoret er på Marienlyst i Oslo.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.