NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon er eit lokalleksikon for Sogn og Fjordane som vert produsert av NRK sitt distriktskontor NRK Sogn og Fjordane. Leksikonet har fokus på beskrivande lokale historier i fylket. I mars 2010 inneheldt det i underkant av 7000 artiklar. Redaktør for lokalleksikonet er Ottar Starheim.

Starheim fekk saman med Arild Nybø Sogn og Fjordane journalistlags pressepris i 2002 for å ha bygd opp fylkesleksikonet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]