NSB type 49

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
NSB type 49a
NSB type 49a Dovregubben Oppdal.jpg
NSB type 49 nr. 463 "Dovregubben" på Oppdal stasjon.

Foto: Anders Beer Wilse (1935)

Informasjon
Type 49
Produsent HamJern, Thune og Krupp
Byggeår 1935–1936 og 1940–1941
Tal bygd 7 stk
Operatørar Noregs Statsbanar
Tenesteår 1935 til 1957 (teke ut or bruk) eller 1958 (utrangert)
Nummerering 463–465 og 470–473
Spesifikasjonar
Lengd 22 000 mm
Høgd 4 300 mm
Tenestevekt 151,5–153,1 tonn
Akselrekkefølgje 1'D2'-2'2'
Sporvidde 1 435 mm
Drivhjuldiameter 1 530 mm
Kolbehaldning 27,2 tonn
Vassforråd 8,4 tonn
Heiteflate 256,0
Arbeidstrykk 17,0 kg/cm²
Sylinderdiameter 465/720 (49c: 440/650) mm
Toppfart 90/45 km/t
Sjå òg: Kategori:Lokomotiv

NSB Type 49, òg kjent som Dovregubben, var ein norsk damplokomotivtype som vart konstruert for å erstatte to lokomotiv (av type 30) i hovudtoga over Dovrefjell med eitt. Loktypen representerer høgdepunktet og slutten på norsk damplokomotivproduksjon. Dei var teknisk avanserte, men kravde òg mykje vedlikehald og vart difor aldri heilt driftssikre. Tidvis var fleire lok på verkstad enn i drift, og dei vart derfor utrangert alt etter 22 år i trafikk, noko som var særs kort for damplokomotiv. Loka gjekk i alle år i hovudsak i persontoga mellom Otta og Trondheim, Ht. 401/02 og Ht. 405/06. Dei vart avløyst av diesellokomotiv av type Di 3 som hadde lågare yting.[1]

Lokomotivet kom i tre utgåver, 49a, 49b og 49c. Dei vart produserte av Hamar Jernstøberi & Thunes mekaniske verksted, Krupp i Essen og Thunes mekaniske verksted. I tillegg til dei sju leverte lokomotiva, vart sju øydelagde under andre verdskrig i eit bombeangrep under produksjon i Tyskland. Fire lokomotiv som var under bygging på Hamar vart aldri fullførte, men enda som reservedelar for dei eksisterande maskinene. Desse siste 11 lokomotiva var tinga av NSB i 1940. Dei sikta på å gå i tog på den nye Sørlandsbanan. Type 49c overvann under produksjon hos Krupp mange av dei barnesjukdomane som dei tre første maskinene sleit med, og etter krigen hadde dei i gjennomsnitt eit dobbelt så høgt tal årleg køyrde kilometer. Nr. 464 vart tatt ut av bruk i 1953. Det siste lokomotivet (nr. 470) vart tatt ut av bruk den 4. september 1957, og dei 6 attverande lokomotiva vart utrangert 16. desember 1958.

Lokomotiva fekk numra 463, 464, 465, 470, 471, 472 og 473. Offisielt var det berre prototypen, nr 463, som fekk namnet «Dovregubben», men dei andre lokomotiva av type 49 vart raskt kjent under same namn. Lokomotiv nr. 470 står utstilt på Norsk Jernbanemuseum, men det er ikkje køyrbart. Alle dei andre vart hogde opp ved Norsk Jernverk i Mo i Rana i 1959.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Lengde[2]:
    • 49a: 22,0 m
    • 49b: 22,0 m
    • 49c: 22,3 m
  • Maskinas vekt:
    • 49a: 87,2 t
    • 49b: 92,7 t
    • 49c: 88,6 t
  • Tenderens vekt:
    • 49a: 17,4 t
    • 49b: 17,4 t
    • 49c: 18,4 t
  • Aksel: 1'D2'-2'2'
  • Største tillatne fart framover: 90 km/h
  • Drivhjuldiameter: 1,53 m

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjerke, T. m.fl (1987). Damplokomotiver i Norge. Oslo/Lillehammer: Norsk Jernbaneklubb. ss. 198-202
  2. Tekniske spesifikasjoner for norske damplokomotiver

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]