NSB type 69

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NSB type 69
NSB type 69 i nytt design
Informasjon
Type Elektrisk motorvogn
Produsent Strømmen verkstad
Byggeår 19701993
Bygde sett 85
Passasjerar 189 (A-serien)

282-306 (Trivogns B-serie)
180-204 (Tovogns B-serie)
301 (C-serien)
300-303 (D-serien)
178 (E-serien)
270 (G-serien)

Spesifikasjonar
Lengd Endevognene:

24.85 m (A, B, C)
25.06 m (D, E, G)
Midtvognene:
24.25 m (B)
27 m (C, D, E, G)
mm

Toppfart 130 km/t

NSB type 69 er dei vanlegaste togsetta som blir brukt på lokalstrekningane Kongsberg-Eidsvoll Spikkestad-Moss, Drammen-Dal, (Drammen) Asker-Lillestrøm, (Skøyen) Oslo S-Gjøvik, Skøyen-Ski, Skøyen-Mysen, Skøyen-Årnes i dag. Det blir òg brukt i lokalstrekningane på Vestlandet. Det blei bygd av Strømmen verkstad. Eit renoveringsprogram blei starta opp på togsetta i 2005, og togsetta blir fortløpande omlakkert til nye NSB-fargar. Type 69 blir brukt som lokaltog i lag med NSB type 72.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Type 69 kom i seks seriar:

  • Type 69A var den originale Type 69, bygd frå 1970 til 1971. Dei har to vogner. Det blei bygd 15 tog av denne typen, og tolv er ennå i bruk.
  • Type 69B er den andre serien, bygd i 1974. Dei fleste av dei 17 Type 69B-setta består av to vogner, men to av dei har ei midtvogn i tillegg. Nokre av toga i b-serien blei ombygde slik at dei kunne ta meir last, noko som gjorde dei passande for lengre turar som BergenMyrdal, kor passasjerane ofte tar med ski og syklar. B-serien har berre ei dør på kvar sida, i staden for to, noko som gir meir seteplass, men òg tregare av- og påstiging.
  • Type 69C blei bygd i 1975. Dei har tre vogner.
  • Type 69D blei bygd mellom 1983 og 1990. Dei skil seg frå Type 69C ved å ha ein noko forskjellig utsjånad. 39 av denne typen blei bygd, og 35 var ennå i teneste i 2005.
  • Type 69E er ombygde Type 69D-tog, som blir brukt på litt lengre turar. Dei blei tidlegare brukt på Gjøvikbanen og Jærbanen, men blir no brukt på banen mellom Bergen and Voss.
  • Type 69G er ei anna utgåve av dei ombygde Type 69D-setta. Dei er utstyrt med restaurasjon og ei meir komfortabel fyrsteklassevogn. Det finst ni stykk av dei. Ombygginga skjedde i Danmark og toga køyrer nå på Gjøvikbanen.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Masse: 53,5 - 64 tonn
  • Yting: 1632 hk
  • Akselordning: Bo'Bo'
  • Maksimal snøggleik: 130 km/t

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]