NVIS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skildring av NVIS. Bølgja på bakken (blå) blir stoppa av ein barriere, men bølgjene som blir brotne i atmosfæren oppnår større dekning.

NVIS (engelsk Near Vertical Incidence Skywave ) er ein måte brukt til å etablere samband i frekvensområdet kortbølgje (HF) på korte avstander uten at fenomenet skip zone hindrar sambandet. Fenomenet vert særleg nytta i militært og paramilitært samband,[1] særleg i tropane, og av radioamatørar for kontakt i nærleiken som elles kan hindrast av barrierar i synslina. Radiobølgjene går nær vertikalt opp i ionosfæren, der dei blir brotne og sende tilbake til eit sirkulært område på opptil 650 km frå sendaren.[2]

Frekvensar og formering[endre | endre wikiteksten]

Dei mest pålitelige frekvensane for NVIS-kommunikasjon er mellom 1,8 MHz og 8 MHz. Over 8 MHz byrjar det å verta tvilsamt om ein får samband på denne måten, og nær 30 KHz er det nesten umogeleg. Brukbare frekvensar vert dikterte av lokale ionosfæriske forhold, som har ein sterk systematisk avhengigheit av geografisk plassering. Vanlege band som blir brukte i amatørradio på midtbreiddegrader er 3,5 MHz om natta og 7 MHz i dagsljos, men eksperimentell bruk av 5 MHz går framleis føre seg. Militær NVIS-kommunikasjon går føre seg mest på 2-4 MHz om natta og på 5-7 MHz i dagsljos.

Optimale NVIS-frekvensar har ein tendens til å vera høgare når ein nærmar seg tropane og lågare nærare arktiske regionar. Dei brukbare frekvensane endrar seg frå dag til natt, ettersom solljos gjer at det lågaste laget av ionosfæren, som blir kalla D-laget, aukar. Dette forårsakar demping av låge frekvensar om dagen,[3] medan den maksimale bruksfrekvensen (MUF) som er den kritiske frekvensen av F-laget stig med større solljos.

NVIS er mest nyttig i fjordar og fjell der bruk av VHF- eller UHF-frekvenser er ineffektiv, eller når kommunikasjonsavstanden er utanfor 50 kilometer for jordbølgjer og mindre enn 300-1500 kilometer (500-2500 km) rekkjevidde for rombølgje i låg vinkel. Eit anna interessant aspekt ved NVIS-kommunikasjon er at retninga til avsenderen er vanskelegare å peile enn for jordbølgjekommunikasjon (dvs. VHF eller UHF). For kringkastarar tillét NVIS dekning av eit heilt mellomstort land til mykje lågare pris enn med VHF (FM), og dagtidsdekning som MW (AM) nattedekning til lågare pris og ofte med mindre forstyrrande støy.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Broadcasting in Band 7 (HF) in the Tropical Zone, International Radio Consultative Committee, International Telecommunications Union, Geneva, 1969
  2. The Emergency Communications Antenna, By Stephen C. Finch, AIØW http://www.w8ne.com/Files/NVIS%20nvis_AI0W.pdf Arkivert 2019-09-20 ved Wayback Machine.
  3. «An analytical study of HF communications between provincial PREOC-s and the North Shore Emergency Management office at VE7NSR» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016. Henta 13. mai 2019.