Nabatearar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nabatearane)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nabatearane var i oldtida eit nordarabisk folk som danna eit kongerike i området austom Palestina. Dette riket vart danna på 300-talet fvt. og hadde byen Petra som hovudstad.

Ein trur at nabatearane tilhøyrde eit arabisk folk som hadde innvandra sørfrå i første hundreåret fvt. Landområdet deira kom til å omfatte stadar som tidlegare hadde tilhøyrt edomittane. Nabatearane dreiv karavanehandel mellom middelhavslanda og Saba i Sør-Arabia. Dei var dugelege handelsfolk og handla med myrra, krydder, silke frå India, elfenbein frå Afrika og med dyr. Riket deira vart etterkvart ganske viktig og kom til å omfatte delar av Libanon og Syria, men med tida kom det under innverknad av Romarriket.

Nabatearane bygde fleire byar i Negev. Dei gjorde seg òg notert for vatningsanlegga sine og kanalar som leidde vatn til store cisterner. Dei framstelte mykje kunst, som viser påverknad frå grekarane.

Aretas I var ein nabateisk konge som levde samstundes med Aleksander den store. Fleire av dei etterfølgjande kongane gjorde seg notert. Seinare kom kongane til å vere forplikta overfor romarane.

Kong Aretas IV hadde ei dotter som var gift med Herodes Antipas. Då Herodes Antipas skilde seg frå henne, førte det til krig.[1] Apostelen Paulus oppheldt seg ei tid i riket til nabatearane, truleg i nærare tre år.[2] Kong Aretas IV ynskte å fengsle han, men Paulus slapp unna ved å verte fira ned frå bymuren i ei korg.[3][4]

Det er funne fleire tusen nabateiske innskrifter, ikkje berre i deira eige område, men òg på Sinaihalvøya, i Egypt, Hellas og Italia. Dei hadde eit eige skriftspråk som med tida utvikla seg til det arabiske alfabetet.

Ruinane av Petra med fleire bygningar hogd ut i fjellet er i dag ein stor turistattraksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Josefus, Historia til jødane 18:109-118
  2. Paulus brev til galatarne 1:17-18
  3. 2. Korintarbrevet 11:32-33
  4. Apostelgjerningane 9:23-25