Nabi Osman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nabi Osman
by
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Baalbek distrikt
Koordinatar 34°12′46″N 36°21′58″E / 34.212845°N 36.366183°E / 34.212845; 36.366183
Kart
Nabi Osman
34°12′46″N 36°21′58″E / 34.212845°N 36.366183°E / 34.212845; 36.366183

Nabi Osman (arabisk البقاع) er ein landsby nord i Bekaadalen i Libanon, som høyrer til Baalbek distrikt, og ligg langs hovudvegen mellom Libanon og Syria.

Landsbyen ligg 950 til 1300 meter over havet, 123 km frå Beirut mellom Al Ain og Labweh. Økonomien er basert på jordbruk (fiken, oliven, eple, granateple, aprikos, fersken og druer). Elva Orontes spring ut i Laboue og flyt gjennom den nedre delen av landsbyen.

Vinrane i Nabi Osman er kalde og tørre og temperaturane fell sjeldan under null grader. I snitt snør det tre til fem gonger kvar vinter. Somrane er varme og tørre. Årsmiddelnedbøren er berre 230 mm.

Natt til 16. mars 2014 vart to personar drepne og 16 skadde i eit sjølvmordsåtak i Nabi Osman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]