Nadezjda Muravjova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nadezjda Muravjova


Statsborgarskap Russland
Fødd 30. juni 1980 (43 år)
Bratsk
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Nadezjda Konstantinovna Muravjova (fødd 30. juni 1980 er ein russisk tidlegare handballspelar frå Bratsk som vart trefaldig verdsmeister med Russland sitt landslag i tida 2001-09. Ho var også med om å vinne to EM-bronsar. Muravjova, som var rykkromspelar og særleg dyktig i forsvarsspel, vann elles EHF-cupen 2012 og 2014 med klubblaget Lada Toljatti.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Muravjova var med på det russiske landslaget som vann bronsefinalen under Handball-EM 2000. Året etter vann ho sitt fyrste VM-gull då Noreg vart slått 30-25 i finalen. Seks år seinare møttest dei same to landa til ein ny VM-finale, og atter sikra Russland og Muravjova seg ein femmålssiger. Under Handball-EM 2008 tapte Russland for Noreg i semfinalen, men tok bronse med siger over Tyskland i bronsefinalen. Verdsmeisterskapen 2009 enda med at Muravjova vann sitt tredje VM-gull, etter russisk finalesiger over Frankrike. Muravjova var også med i dei russiske mannskapa til VM 2011 og Sommar-OL 2012. Ho deltok i 169 landskampar og skåra 304 mål.

Muravjova var aktiv i Volgograd Akva frå 1996 til 2002. Sidan gjorde ho teneste i Lada Toljatti fram til ho la opp i 2015. Med Lada Toljatti nådde ho finalen i meisterligaen 2007, der det vart tap mot danske Slagelse. Seinare vann ho og lagkameratane EHF-pokalen både i 2012 og 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]