Nadia Hasnaoui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nadia Hasnaoui

Statsborgarskap Noreg, Marokko
Fødd 10. juni 1963 (60 år)
Noreg Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar, skodespelar, journalist
Språk Tamazightiske språk
Ektefelle Kim Haugen Sjå dette på Wikidata
Prisar TV-prisen
Nadia Hasnaoui på Commons

Nadia Hasnaoui (fødd 10. juni 1963) er ein norsk programleiar som har leia program både på TV 2 og NRK.

Dansar[endre | endre wikiteksten]

Hasnaoui hadde fleire engasjement som dansar i 1980-åra, blant anna ved Den Nationale Scene. Som dansar medverka ho òg i TV, blant anna i NRK sitt barneprogram Rubbel og Bit – en musikal på badet, som vart send i romjula 1988.[1] Ho hadde ei mindre rolle i ungdomsserien Fellesrommet i 1985.

Programleiar[endre | endre wikiteksten]

Hasnaoui starta programleiarkarrieren sin i NRK i 1991, som programleiar for barneserien Myggen. I 1993 byrja ho i TV 2, og i løpet av åra i TV 2 leia ho fleire ulike program. Blant anna reiste ho verda rundt på jakt etter nordmenn som lever det gode liv i programmet Jakten på det gode liv. Ho vert nok hugsa best for å ha leia Jakten på det gode liv, God morgen, Norge! og Hasnaoui. I 2004 gjekk ho over til NRK der hennar fyrste oppdrag var å vere programleiar for Melodi Grand Prix junior 2004 saman med Stian Barsnes-Simonsen. Duoen var òg programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2004Lillehammer.

Frå 2006 var Hasnaoui programleiar for det populære TV-programmet Kvitt eller dobbeltNRK. Vinteren 2007 var ho i tillegg programleiar for serien Topp 10 saman med Claus Wiese.

I mai 2010 leia Hasnaoui semifinalane og finalen i den internasjonale songtevlinga Eurovision Song Contest 2010 i Telenor Arena saman med Erik Solbakken og Haddy Njie. Sommaren 2010 skulle ho dela programleiarjobben for Sommeråpent med Siv Helberg og Pål Thoresen, men vart bytta ut med Hilde Hummelvoll. Sommaren 2011 delte ho programleiarjobben for Sommeråpent med Anne Lindmo og Hilde Hummelvoll, og sommaren 2012 delte ho same jobb med Ingrid Gjessing Linhave. Sidan har ho fleire gonger leia Sommeråpent, inklusive 2016-sesongen.

Hasnaoui har fleire gonger portrettert Kong Harald og Dronning Sonja.

TV-program[endre | endre wikiteksten]

TV-program Hasnaoui har vore programleiar for:

  • 2015: Norges smarteste (NRK)
  • 2014: The Hit (NRK) (vikarierte for Marte Stokstad i program nummer to)[2]
  • 2014: Sommeråpent (NRK)
  • 2013: Sommeråpent (NRK)
  • 2012: Sommeråpent (NRK)
  • 2012: Litt av et liv (NRK)
  • 2011: Sommeråpent
  • 2010: Eurovision Song Contest 2010 (NRK)
  • 2009/2010: Kvitt eller dobbelt (for både barn og vaksne) (NRK)
  • 2008: Kvitt eller dobbelt (for både barn og vaksne) (NRK)
  • 2007: MGP Nordic 2007 (NRK)
  • 2007: Topp 10 (NRK)
  • 2007: Kvitt eller dobbelt (for barn) (NRK)
  • 2006: Kvitt eller dobbelt (for barn) (NRK)
  • 2006: Fakta på lørdag (kommentator i dokumentaren «Homogenerasjonen») (NRK)
  • 2004: Junior Eurovision Song Contest 2004 (NRK)
  • 2004–2005: Frokost-TV (NRK)
  • 2004–2006: Melodi Grand Prix junior (NRK)
  • 2003: Hasnaoui (TV 2)
  • 1999: Jakten på det gode liv (TV 2)
  • 1995: God morgen, Norge! (TV 2)
  • 1993: God ettermiddag, Norge! (TV 2)
  • 1991–1993: Myggen (barne-TV) (NRK)
  • 1985: Fellesrommet (NRK)

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Hasnaoui er barnebarn av økonomen Ragnar Frisch og gift med skodespelaren Kim Haugen (sidan 1991).

Hasnaoui er einebarn og budde i Marokko dei fire første åra av livet saman med den norske mora og marokkanske faren sin. I 1967 vart foreldra skilde, og mora og Nadia flytta tilbake til Noreg, der Nadia byrja i fransk barnehage.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «NRK TV - Se Rubbel og Bitt - en musikal på badet». www.nrk.no (på norsk). 26. desember 1988. Henta 25. februar 2018. 
  2. NRK 12. september 2014, Stokstad må melde avbud fra The Hit. Besøkt 13. september 2014.