Nafissatou Thiam
Nafissatou Thiam | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 19. august 1994 (28 år) Brussel |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020 |
Utmerkingar |
Årets friidrettsutøver i verden |
Nafissatou Thiam (fødd 19. august 1994) er ein belgisk friidrettsutøvar frå Brussel som vart olympisk meister i sjukamp i 2016 og på ny i 2021, verdsmeister 2017 og europameister 2018 i same øvinga.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Thiam vart juniorverdsmeister i sjukamp i 2013. Året etter oppnådde ho 6 508 poeng ved meistermøtet i Götzis i Austerrike og ho tok bronsen i sjukampen ved europameisterskapen i Zürich. I 2016 sette ho personleg rekord med 6 810 poeng då ho vann den olympiske gullmedaljen i Rio de Janeiro.
Våren 2017 vann Thiam femkampen i innandørs-EM i Beograd. Ho vann i mai månad meistermøtet i Götzis, der ho sanka 7 013 poeng og vart den fjerde utøvaren med over 7 000 sjukamppoeng. I tillegg sette ho belgisk rekord i spydkasting med 59,32 meter. Under verdsmeisterskapen 2017 i London viste ho seg atter som den beste sjukjemparen og vann med ein margin på 88 poeng. Både ved EM 2018 i Berlin og VM 2019 i Doha stod kampen om fyrsteplassen mellom Thiam og Katarina Johnson-Thompson frå Storbritannia. I Berlin vart det belgisk triumf og britisk sølv i sjukampen, i Doha bytta dei to utøvarane plass på sigerspallen. Sommaren 2021 vart dei olympiske sommarleikane avvika i Tokyo, og fem år etter ho vann OL-gull i Brasil, sikra Thiam seg OL-gull nummer 2.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 2013 i Moskva: Nr 14 i sjukamp – 6 070 poeng
- EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje i sjukamp – 6 243 poeng
- VM 2015 i Beijing: Nr 11 i sjukamp – 6 298 poeng
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 4 i høgdehopp – 1,93 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje i sjukamp – 6 810 poeng, framom Jessica Ennis-Hill (6 775 poeng)
- VM 2017 i London: Gullmedalje i sjukamp – 6 784 poeng, framom Carolin Schäfer (6 696 poeng)
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje i sjukamp – 6 816 poeng, framom Katarina Johnson-Thompson (6 759 poeng)
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje i sjukamp – 6 677 poeng, bakom Katarina Johnson-Thompson (6 981 poeng)
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje i sjukamp – 6 791 poeng, framom Anouk Vetter (6 689 poeng)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nafissatou Thiam» frå Wikipedia på tysk, den 30. april 2021.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1994
- Belgiske friidrettsutøvarar
- Mangekjemparar
- Høgdehopparar
- Europameistrar i friidrett for Belgia
- Olympiske meistrar for Belgia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Belgiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Belgiske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Folk frå Brussel