Nagantrevolver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M 1895.

Nagantrevolveren var konstruert og produsert av belgiaren Léon Nagant, og teken inn som politi- og militærvåpen i Sverige, Noreg, Polen, Frankrike og Russland, i ulike kaliber. I Russland vart revolveren kalla «modell 1895». Léon Nagant og bror hans, Emile, var allereie kjende i mektige kretsar i Russland for den rolla dei hadde spela i konstruksjonen av den russiske militærrifla Mosin-Nagant modell 1891.

I Sovjetunionen begynte Nagant-revolveren å bli skifta ut med den meir moderne halvautomatiske Tokarev-pistolen frå 1933, men han vart framleis produsert og bruka i stort omfang under andre verdskrigen, og heilt til 1950. Nagantrevolveren er såleis den pistolen i den moderne militærhistoria som har vore lengst i teneste.

I Noreg au var nagantrevolverar i bruk så seint som under andre verdskrigen, sjølv om mange offiserar da hadde fått amerikanske Coltpistolar modell 1911 i staden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nagantrevolver

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Engelskspråkleg wikipedia, der det finst ein større og meir detaljert artikkel [1]