Nagashibina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nagashibina feira i shintotempelet Saga-jinja.

Nagashibina eller joushi no sekku er ei japansk høgtid på den tredje dagen i den tredje månaden (no 3. mars) der ein sender dokker av strå eller papir avgarde på elver i stråbåtar. Dokkene er meinte å frakta vekk vonde ånder. Skikken er i stor grad forsvunnen i dagens Japan, der ein i staden feirar dokkehøgtida hinamatsuri, men blir feira lokalt nokre stader.

Nagashibina har røter til ein gammal kinesisk tradisjon kalla taqing, og kom til Japan under Heiantida (794-1191).[1] Skikken er nemnd i den japanske klassikaren Soga om Genji frå 1000-talet, der hovudpersonen Genji prøver å bli av med uroa si gjennom eit nagashibina-ritual.[2]

I Tottori prefektur feirar ein framleis nagashibina med enkle papirdokker.[3] Shimogamo-tempelet ved Kyoto markerer også høgtida i elvene Takano og Kamo.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Seasonal Calendar of March, bite JAPAN, March 30th, 2007 
  2. 2,0 2,1 Judy Shoaf, Girls' Day Dolls - Hina-Ningyo 
  3. "Hinamatsuri"(Doll festival), jpn-miyabi.com