Nahal Alexander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°23′46.08″N 34°51′56.53″E
Nahal Alexander
elv
Alexander Stream view NE from tower.JPG
Alexander stream
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sentrale distriktet
Koordinatar 32°23′46.08″N 34°51′56.53″E
Lengd 45 km
Kjelde Samaria
Munning Middelhavet
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Alexander Stream

Nahal Alexander (hebraisk נחל אלכסנדר) er ei elv i Israel som flyt frå fjella i Samaria til Middelhavet, nord for Netanya. Elva er kring 45 km lang. Fleire småelvar renn ut i Nahal Alexander: Nablus, Te'enim, Ometz, Bahan og Avihail. Det meste av elva ligg i Heferdalen.

Skjelpadder ved Nahal Alexander

Nahal Alexander er habitat for skjelpadder som kan nå ein storleik på 1,20 meter og vege opp til 50 kg. I tillegg finst her sothønerog andre vassfuglar, sumpbeverar og sumpkattar. Av fisk i elva finn ein mallefisk, tilapia, elveål og multer.[1]På sørbreidda finst det skiftande sanddyner og på nordbreidda ein eukalyptuslund. [2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nahal Alexander, nær Skjelpaddebrua.

Hurvat Samra er ei ruin frå antikken som ligg på ein ås oppom Nahal Alexander. Ho kan ha vore ein tollstasjon for varer som vart transportert ned elva til ei hamn nær munningen.[2]

Beit Yanai-stranda ligg der elva flyt ut i Middelhavet.[3] Nord for stranda ligg restane av ein kai som er bygd i 1938, under Det britiske mandatet. Han vart nytta for løynd jødisk immigrasjon til Palestina då britiske styresmakter avviste skip med europeiske jødar som flykta frå nazistane.[2]

Vinteren 1991 fløymde Nahal Alexander over og det meste av skjelpaddebestanden dreiv ut i Middelhavet. Då dei attverande egga ikkje klekte, sette Israel natur- og parktilsyn i gang eit prosjekt for å samle inn egga, ruge dei og sleppe dei nyfødde skjelpaddene ut att i elva.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Israel's rivers: Back from the dead». Jerusalem Post. 11. juni 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Nahal Alexander park». Israel natur- og parktilsyn. 31. desember 2009. 
  3. Beit Yannai beach yields serenity on winter weekdays
  4. The Best Kept Secret of Emek Hefer: Nahal Alexander & Turtles

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]