Nahal Betzet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nahal Betzet
elv
BetzetStream.JPG
Nahal Betzet
Land Flag of Lebanon.svg Libanon, Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord-Israel

Nahal Betzet
33°4′22″ N 35°12′52″ E
Wikimedia Commons: Nahal Betzet

Nahal Betzet (hebraisk נחל בצת, arabisk Wadi Karkara) er ei tidlegare fleirårig, og no delvis flytande elv i Øvre Galilea i Israel.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Keshetgrotta

Elva kryssa grensa frå Libanon til Israel mellom Shtula og Zar'it, og flyt vestover, før ho munnar ut i Middelhavet sør for Rosh HaNikra. Elva renn langs ei forkastinggjennom dolomittstein og kalkstein, og får vatn langs leia frå fleire kjelder. I dag pumpar Mekorot (det nasjonale vasskompaniet) vatn frå kjeldene til elva, og har fått skulda for at elva stundom tørkar inn.[1] Det er danna mange grotter langs breidda av elva, mellom anna Keshetgrotta.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Det meste av elva er ein del av eit naturreservat som har dette namnet.[2] Reservatet vart oppretta i 1972[3] og delar av området strekkjer seg til grensa til Libanon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nahal Betzet naturreservat» (på hebraiske). iNature.info. Henta 30. september 2014. 
  2. «Nahal Betzet naturreservat». ProtectedPlanet.com. 
  3. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraiske). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 2009-10-07. Henta 30. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]