Nahal Kziv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°2′29.84″N 35°14′52.66″E
Nahal Kziv
elv
Kziv stream 12.JPG
Nahal Kziv
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord-Israel
Koordinatar 33°2′29.84″N 35°14′52.66″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nahal Kziv

Nahal Kziv (hebraisk נחל כזיב) er ei 20 km lang fleirårig elv i Øvre Galilea i Israel.[1] Om vinteren fyller regnet opp elveleia og kjelder langs. I dag pumper Mekorot (nasjonal vatnselskap) vatn frå kjeldeelva Ein Ziv, som vert nytta av innbyggjarar i Vest-Galilea, og dannar ein kanal mellom Ein Ziv og Ein Tamir, som er ei stundom tørrlagt elv. På ryggen oppom dalen med ei krossfararborg frå 1100-talet, Montfort.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nahal Kziv

Nahal Kziv flyt frå vestsida av Har Meron nær Beit Jann, vest for munningen og nord for Achziv. Ho er den lengste elva i Galilea med det største nedslagsfeltet. Elva renn forbi Hurfeish, Abirim, Mi'ilya, Mitzpe Hila, Neve Ziv, Goren, Manot og Ma'alot-Tarshiha. Av kjelder langs kanalen finn ein Ein Ziv, Ein Tamir (etter dette flyt elva jamnt), Ein Hardalit og Ein Yakim.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Det meste av elva er ein del av eit naturreservat som har same namn som elva,[2] og innafor området ligg Montfortborga og andre ruinar frå krossfarartida. Ein steinutskjering av ein mann, 1,78 meter høg, står nær staden der Abirimelva munnar ut i Nahal Kziv. Ein trur utskjeringa er frå hellenistisk tid.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]