Nahal Poleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nahal Poleg
elv
Munningen av Poleg
Land  Israel
Koordinatar 32°16′5.23″N 34°50′8.58″E / 32.2681194°N 34.8357167°E / 32.2681194; 34.8357167
Kjelde aust for Mishmeret
Munning Middelhavet
Kart
Nahal Poleg
32°16′05″N 34°50′09″E / 32.26811944°N 34.83571667°E / 32.26811944; 34.83571667
Wikimedia Commons: Poleg Stream

Nahal Poleg er ei elv på Sharonsletta i Israel som munnar ut i Middelhavet mellom Netanya og Wingate institutt.

Leia[endre | endre wikiteksten]

Elva spring ut mellom Tira og Ramat HaKovesh, aust for Mishmeret. Ho renn vestover til sjøen, og svingar nord ved Batzra. Elva renn stort sett berre til tider av året, men mot slutten av vert ho heilårleg. Det er ein menneskeskapt opning iKurkar-ryggen som går frå sør til nord langs kystsletta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det nærliggande arkeologiske funnet i Tel Poleg vart graven ut og avdekka ein festningsby frå bronsealderen. Staden er stort sett øydelagd av eit moderne steinbrot. Den originale opninga i Kurkarryggen vart laga i bronsealderen, og opna på ny i romersk tid.[1] På 1200-talet tetta opninga seg til og eit myrområde danna seg på austsida. Opninga vart opna att i 1935 og rann igjen fritt gjennom ryggen.[2]

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Nahal Poleg naturreservat ligg mellom Wingate-instituttet og Ramat Poleg, mellom hovudveg 2 og Middelhavet.[3] Reservatet vart oppretta i 1971.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «נחל פולג - פארק יקום - מידע למטייל» [Nahal Poleg - Park Yakum - Visitor's Information] (på hebraisk). Trekker.co.il. 
  2. «שמורות הפולג» [The Poleg Reserve] (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 1. oktober 2014. 
  3. «Nahal Poleg Reserve» (på hebraisk). iNature.info. Henta 1. oktober 2014. 
  4. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]