Nahladalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om regionen i Irak. For moshaven i Israel, sjå Nahala i Israel.
Koordinatar: 36°50′N 43°56′E
Nahladalen
dal
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 36°50′N 43°56′E

Nahladalen
36°49′60″ N 43°55′60″ E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg

Nahladalen (gammalsyrisk ܢܗܠܐ) er eit geografisk område i provinsane Nineveh og Dohuk i Irak. Sapnadalen ligg i nord på andre sida av ei fjellkjede, og byen Aqra ligg i sør, på andre sida av eit ana fjell. Dalen grensar til Store Zab-elva i aust og Khazir-elva i vest. Regionen er hovudsakleg busett av assyrarar og kurdarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste assyrarane bur i Nahla, kring 20 000 totalt, som flytta der frå Hakkari etter det assyriske folkemordet under fyrste verdskrigen. Somme landsbyar vart fråflytta i 1960-åra då kampane mellom dei irakiske styresmaktene og kurdiske separatistar tvang dei fleste innbyggjarane på flukt til Bagdad og Mosul. Somme små landsbyar vart fullstendig øydelagde under Anfal-felttoget i 1980-åra. Folketalet i dalen voks kraftig etter Irak-krigen i 2003, og mange assyrarar i Dora og Mosul byrja å flytte attende til regionen.

Det er stadig friksjon mellom kurdarane og assyrarane i område.[1] Den 17. juli 1999 gjekk ei væpna gruppe frå Den patriotiske revolusjonsorganisjonen Bet Nahrain til åtak på Peshmerga-stillingar i regionen som hemn for drapet på ei assyrisk jente. Åtaket førte til 39 døde og 20 skadde på kurdisk side.[2]

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

  • Hezany
  • Kasre
  • Merokeh
  • Belmat
  • Khalilaneh
  • Jouleh
  • Chameh Chale
  • Rabatkeh
  • Kash Kawa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]