Nahr al-Bared

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om landsbyen i Syria. For flyktningleiren, sjå Nahr al-Bared.
Koordinatar: 35°17′N 36°20′E
Nahr al-Bared
نهر البارد
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama
Distrikt Al-Suqaylabiyah
Nahiyah Tell Salhab
Koordinatar 35°17′N 36°20′E
Folketal 4 016 (2004) [1]
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Nahr al-Bared (arabisk نهر البارد) er ein landsby nordvest i Syria i Hama guvernement, nordvest for Hama. Han ligg på al-Ghabsletta i al-Suqaylabiyah-distriktet. Av stader i nærleiken finn ein Tell Salhab i sør, al-Asharinah i aust, Hawrat Ammorin og al-Suqaylabiyah i nord og al-Mazhal og Ayn al-Kurum i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Nahr al-Bared eit folketal på 4 016 i 2004.[1]

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om landsbyen vert rekna som moderne, er det fleire gamle ruinar i området. Landsbyen ligg ved ei elv og får regelmessig snø om vinteren.

Byggverk[endre | endre wikiteksten]

Nahr al-Bared har tre hotell, Sahara Hotel, Abo Allosh og Abo Maher. Her finst òg tre moskéar, kalla al-Sheikh Abd al-Hadi Haidar, al-Sheikh Soliman Moaala og Ali Naser. Landsbyen har ein stor restaurant og ein bensinstasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)