Naissaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Naissaar
Sørsida av Naissaar
Sørsida av Naissaar
Geografi
Viimsi vald location.png
Stad Finskebukta
Koordinatar 59°34′N 24°31′E
Areal 18,6 km²
Høgaste punkt Kunilamägi (27 moh.)
Administrasjon
Land Estland
Maakond Harju maakond

Naissaar (svensk: Nargö) er ei øy i Estland. Øya ligg i Finskebukta, ca 10 km nord for Tallinn. Øya har eit areal på 18,6 km². Det høgaste punktet er Kunilamägi på 27 moh.

Namnet på øya tyder «Kvinneøya». Naissaar vart først busett på 1400-talet eller tidlegare. Midt på 1700-talet hadde øya vorte nykolonisert av svenske utvandrarar, og i 1858 budde 188 menneske på øya.

Dei største festningsanlegga på Naissaar stammar frå det russiske herredømet over øya før den første verdskrigen. Då vart det òg bygd ei smalspora jernbaneline mellom nord- og sørspissen av øya. Under den første verdskrigen tok russiske matrosar som gjorde mytteri, kontrollen over Naissaar, og oppretta ein kortvarig sovjetrepublikk på øya i desember 1917. Den lilte staten eksisterte til 26. februar 1918, då matrosane flydde frå øya.

Fram til den første verdskrigen var folkesetnaden på Naissaar hovudsakleg svenskspråkleg, men sidan øya ligg nær den estiske hovudstaden minka den svenskspråklege delen i takt med innflytting av estarar. Likevel utgjorde svenskane ein tredel av folkesetnaden på Naissaar i mellomkrigstida, då Estland var sjølvstendig. I 1934 budde 450 menneske på øya. Våren 1940 vart innbyggjarane på øya evakuerte då Sovjetunionen okkuperte øya og resten av Estland.

Etter den andre verdskrigen bygde Sovjetunionen opp den største minefabrikken i Austersjøområdet på Naissaar, og fram til Estland igjen vart uavhengig i 1991 var øya (i likskap med dei fleste andre øyane i Estland) strengt kontrollerte område.

I 1995 vart Naissaar gjort om til naturreservat. Øya er i dag ikkje busett, men tilgjengeleg for turistar. Den lange militære aktiviteten på øya har likevel ført til at store område av øya er ureina av oljeutslepp og tungmetall. Nokre av dei gamle, svenske trehusa på øya har vorte restaurert, og ein del av den gamle jernbanelina har òg vorte sett i stand.

Det første fyret på Naissaar vart bygd i 1788. Dagens fyr på øya er frå 1960 og har ei høgd på 47 meter.

10. august 2005 styrta eit finsk helikopter aust for Naissaar. Helikopteret var på veg frå Tallinn til Helsingfors. Alle dei 14 om bord omkom i ulukka.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]