Naja annulata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naja annulata
Naja annulata
Naja annulata
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Naja annulata
Utbreiinga av Naja annulata
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Parvorden: Caenophidia
Overfamilie: Elapoidea
Familie: Elapidae
Slekt: Naja
Art: N. annulata
Vitskapleg namn
Naja annulata

Naja annulata (tidlegare Boulengerina annulata), på engelsk kjend som banded water cobra eller ringed water cobra, er ein vasskobraart frå Vest- og Sentral-Afrika. Han er ein av to artar av vasskobra (Naja) i verda, den andre er Kongo-vasskobra eller Naja christyi.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vasskobraen er ein stor, tung slange med eit kort, breitt og flatt hovud med ein utydeleg kantus (augevinkel) og eit tydeleg skilje frå nakken. Han har mellomstore mørke auge med runde pupillar. Kroppen er sylindrisk; halen er lang. Skjela er glatte og blanke, og sit i 21-23 rader ved midten av kroppen. Vaksne slangar blir i gjennomsnitt 1,4 til 2,2 meter (4,6 til 7,2 ft) lange, men dei kan oppnå ei maksiksmallengd på 2,8 meter (9,2 ft).[1] Dei glatte skjela spegler at dette er ein vasslevande art. Han kan breia ut ei smal, men likevel imponerande hette. Kroppsfargar er for det meste skinnande brune, gråbrune eller raudbrune med svarte band langs heile kroppen. Magen er svakt gul, medan halen er heilt svart.[2][3]

Utbreiing og leveområde[endre | endre wikiteksten]

Arten finst i delar av sentrale og vestlege Afrika, i Burundi, Kamerun, Den sentralafrikanske republikken, Den demokratiske republikken Kongo, Kongo-Brazzaville, Equatorial Guinea, Gabon, Rwanda og Cabinda-provinsen i Angola, så vel som langs dei burundiske, tanzanianske og zambiske breiddene av Tanganyikasjøen. Han er i stor grad ein vasslevande art og finst sjeldan langt borte frå vatn. Slangen finst langs innsjøar og elvar i skogkledd og godt tredekt savanneterreng der han har tilstrekkeleg ly,[2] som oftast langs skogkledde, buska eller skogkledde breidder av innsjøar, elvar og bekkar.[3]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Vasskobraen gøymer seg gjerne vekk, og møter sjeldan menneske. Han er aktiv om dagen og om natta, men er vanlegvis meir aktiv om dagen. Slangen er i stor grad akvatisk, og held til mesteparten av tida i vatnet. Han er ein særs god symjar og er i stand til å bli verande under vatn i opptil 10 minutt og dykka til djupner på 25 meter. Han rører seg sakte på land, og har ein tendens til å gøyma seg blant steinar, i hol eller overhengande trerøter ved strandlinja. Han gjer òg bruk av menneskeskapte strukturar, som bruer og brygger, for å gøyma seg. Slangen er generelt ikkje aggressiv, og viss ein nærmar seg han i vatn, vil han symja raskt vekk. Møter ein han på land vil han prøve å rømma til vatnet. Om han blir trua på land, vil han reisa seg opp og spreia den smale, men framtredande hetta, og han kan kvesa høgt, men har ikkje ein tendens til å gjera nokre rørsle framover. Han vil berre bita om han blir provosert.[4][5]

Slangen jaktar nesten berre på fisk.[2] Han kan også ta froskar, padder og andre amfibium.[3]

Gift[endre | endre wikiteksten]

Gifta til denne arten er ikkje godt studert, men ein går ut frå at ho er ei farleg nervegift, som for dei fleste store giftsnokar. Giftene til vasskobraene er blitt analyserte for døyelegheit, proteolytisk aktivitet og proteininnhald. Naja annulata og Naja christyi (ein liknande art) gift innheldt i gjennomsnitt 89 % protein og hadde ikkje proteolytisk aktivitet.[6]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Underartar Klass. av Engelsk namn Utbreiing
N. a. annulata Buchholz and Peters, 1876 Banded water cobra, ringed water cobra Kamerun, Den sentralafrikanske republikkenb, Den demokratiske republikken Kongo, Republikken Kong, Ekvatorial-Guinea, Gabon, Rwanda, Cabinda
N. a. stormsi (Dollo, 1886)[7] Storm's water cobra Burundi, Tanzania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spawls, Stephen; Branch, Bill (1995). Dangerous Snakes of Africa. London, UK: Blandford Press. s. 55–56. ISBN 0-7137-2394-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Boulengerina annulata - General Details, Taxonomy and Biology, Venom, Clinical Effects, Treatment, First Aid, Antivenoms». Clinical Toxinology Resource. University of Adelaide. Henta 16 February 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Boulengerina annulata». Armed Forces Pest Management Board. United States Department of Defense. Arkivert frå originalen 9. januar 2012. Henta 16. februar 2012. 
  4. Spawls, Stephen; Branch, Bill (1995). Dangerous Snakes of Africa. London, UK: Blandford Press. s. 55–56. ISBN 0-7137-2394-7. 
  5. «Boulengerina annulata - General Details, Taxonomy and Biology, Venom, Clinical Effects, Treatment, First Aid, Antivenoms». Clinical Toxinology Resource. University of Adelaide. Henta 16. februar 2012. 
  6. Weinstein, Scott A.; James J. Schmidt; Leonard A. Smith (30 March 1991). «Lethal toxins and cross-neutralization of venoms from the African water cobras, Boulengerina annulata annulata and Boulengerina christyi». Toxicon 29 (11): 1315–1327. PMID 1814007. doi:10.1016/0041-0101(91)90118-B. 
  7. «Boulengerina annulata stormsi». ITIS Standard Report Page. ITIS.gov. Henta 25 February 2012.